Sektor-samanslåing: Slik blir den nye organisasjonen

Hareid kommune har slått saman sektor for samfunnsutvikling og sentraladministrasjonen. Dette er eit viktig steg for å styrke samhandlinga og effektiviteten i kommunen si daglege drift.

portrettar - Klikk for stort bileteBent Arild Grytten, komunedirektør, og Hanne Rognan, assisterande kommunedirektør, vil dele på ansvaret for den samanslåtte sektoren. Erlend Friestad

Einingane som inngår i den nye sektoren, som ikkje har fått sitt endeleg namn er:

  • NAV
  • økonomi
  • personal
  • servicetorget og politisk sekretariat
  • kommunal eigedom
  • kommunalteknikk
  • Hareid Mottakssenter
  • kultur
  • næring
  • plan og bygg

 

Klare ansvarsområde mellom assisterande kommunedirektør og kommunedirektør

Den nye sektoren ligg direkte under kommunedirektør og assisterande kommunedirektør -som deler oppgåvene mellom seg.

 

Hanne Rognan, som frå 1. oktober har fått stillinga fast som assisterande kommunedirektør, har ansvar for:

  • personalansvar for leiarane
  • tidsregistrering, fråvær og sjukefråvær
  • budsjett og rekneskapsoppfølging

Bent Arild Grytten har ansvar for:

  • strategisk arbeid innan næring, inkludert faste møtepunkt i Næringsteamet
  • oppfølging og støtte for leiarar for kommunal eigedom og kommunalteknikk/sjølvkostområda (her skal det etablerast eit nytt fast møtepunkt)
  • prosjektleiing for Pålhaugen-prosjektet og Brekkane-prosjektet

 

Nye og vidareførte samarbeidsarenaer

For å sikre god dialog og samhandling mellom einingane, vert det etablert og vidareført fleire møtepunkt. Merk: Personane deltek i møta i kraft av rolla si.

Vidareførte møte:

  • Næringsteam: Johannes Alme (leiar næring) kallar inn til møte kvar andre fredag. Deltakarar er Bent Arild Grytten (kommunedirektør), Bernt Brandal (ordførar), Tanja Rafteset (leiar plan), Christine Erdal (Vekst i Hareid), Henrik Johansen (leiar eigedom), Larysa Parkhomenko (konsulent) og Tone-Lise Osnes (leiar kommunalteknikk).
  • Reiselivsteam: Held fram som før, kvar andre fredag. Her er deltakarane Bent Arild Grytten, Christine Erdal, Bernt Brandal, Johannes Alme, Larysa Parkhomenko og Melinda Skeide (leiar kultur).

 

Nye møtepunkt:

  • Møte i den nye Sentraladministrasjonen: Hanne Rognan kallar inn til møte annakvar tysdag kl. 13–14. Alle leiarane vert kalla inn.
  • Samarbeidsmøte teknisk: Tone-Lise Osnes kallar inn til møte kvar veke. Minimumsdeltakarar er Bent Arild Grytten og Henrik Johansen.

 

Vi vil evaluere og tilpasse organiseringa etter kvart som nye behov oppstår.