Erlend Friestad
Kommunedirektøren har lagt fram sitt budsjettforslag. Administrasjonen skal presentere dette i folkemøtet.
Vi opnar for at alle kan kome med innspel og spørsmål i møtet – også dei som ikkje kan møte fysisk. Dersom du allereie no sit og lurer på noko om budsjettet – eller har innspel – kan du sende dei inn via skjemaet under.
Administrasjonen vil svare på relevante spørsmål i møtet.
Innspela de kjem med, blir retta til dei folkevalde.
Møtet blir også sendt direkte på Facebook og nettsida vår.
Innspel blir fortløpande publisert på nettsida.
Alle innspel og spørsmål blir også sendt til alle dei faste kommunestyrerepresentantane og arkiverte i kommunen sitt sak- og arkivsystem.