Sjå folkemøtet om omstillinga på sjukeheimen

Her kan du også lese alle reaksjonar, kommentarar, innspel og spørsmål som er kome inn til omstillingsprosessen.

Klikk for stort bileteKonstituert kommunedirektør, Kariann Bigseth, (f.v.) og konstituert kommunalsjef for velferd, Helga Bøe, orienterte om omstillingsprosessen. Dei svarte også på spørsmål. Ordførar Bernt Brandal var med i møtet for å lytte til innspel. Kommunikasjonsansvarleg Erlend Friestad (innfelt) stilte spørsmåla som kom inn. 

I møtet orienterte konstituert kommunedirektør Kariann Bigseth og konstituert kommunalsjef i sektor for velferd, om prosessen, vurderingane og tilrådinga dei no har lagt fram for dei folkevalde. I tillegg svarte dei på  innsendte spørsmål.

Tilrådinga kan de lese her.

Det er eit stort engasjement rundt omstillingsprosessen på sjukeheimen. Det viste også igjen under det digitale folkemøtet 10. februar. På det meste såg 171 personar sendingar direkte. Det er 2-3 gonger fleire enn det som til dømes følgjer eit kommunestyremøte.

Sjå folkemøtet her:

Vi fekk inn mange spørsmål og innspel. Som lova har vi samla alle innspela og spørsmåla uredigert i eit dokument. Det kan de lese her. (PDF, 204 kB) Det vil også blir lagt ved saka i formannskapet og kommunestyret.

Vi har oppretta ei samleside for all informasjon som kjem i samband med omstillingsprosessen. Den finn de her.

Møtet vil også blir sendt på "kyrkjekanalen" på sjukeheimen/omsorgsbustadane slik at dei kan få sjå det.