Sjå kommunestyremøtet direkte her frå klokka 18

Torsdag skal kommunestyret røyste i saka omstilling på sjukeheimen. Les meir om denne og dei andre saken som skal opp. 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

 

Her kan du sjå opptak av kommunestyremøtet 25. februar. Saka om sjukeheim startar om lag 2 timar og 50 minutt ut i sendinga.

I formannskapsmøtet 17. februar røysta dei folkevalde ned administrasjonen sitt forslag. Dei vedtok følgande, som då er innstillinga kommunestyret skal røyste over:

Hareid kommunestyre viser til framskriving av talet på eldre i kommunen. Denne syner at dei institusjonsplassane vi har I dag vil vere naudsynte for å dekke omsorgsbehovet no og I framtida. Analyse viser og at ein må etablere nye varierande omsorgstilbod I samsvar med omsorgstrappa og at dette må vere i nye lokale. Slik lokalisering av omsorgsbustadar kan vere både ved Hadartun og I sentrum

  1. Hareid kommunestyre vedtek å ikkje legge ned institusjons- og sjukeheimsplassar ved Hareid sjukeheim.
  2. For å auke fleksibiliteten i tilboda i eldreomsorga, ber ein kommunedirektøren ved neste budsjettrevisjon å vurdere ei styrking av heimetenestene. Slik kan ein i større grad hjelpe og rehabilitere menneske i eigen heim.
  3. Kommunedirektøren må prioritere arbeidet med bygging av nye omsorgsbustadar tilpassa ulike nivå i omsorgstrappa.
  4. Ein ber kommunedirektøren om å greie ut ei sak om alternativ organisering av Dagsenter for eldre og psykiatri. I denne samanhengen er det viktig å sikre best mogleg kontinuitet med eit breiare innhald enn det har i dag.
  5. Underfinansieringa i budsjettet og eventuelle auka kostnader utover dette skal finansierast ved mellom anna å endre vikarbruken. Ein opprettar bemanningslag med fast tilsette fagpersonar som kontinuerleg vert nytta ved behov for vikarar grunna sjukefråvær. Dette vil også kunne betre arbeidssituasjonen for dei tilsette og på sikt redusere sjukefråværet. Kommunestyret ber også om at det blir fokus på bruk av velferdsteknologi og anna teknologi som kan frigjere ressursar.
  6. Administrasjonen skal opprette eit prosjekt for å arbeide vidare med det påbyrja arbeidet med forbetringar i sektoren og syte for realisering av gevinstane. Fokuset skal vere å yte best moglege tenester og tilpasse dei til framtidige behova kombinert med eit tettare samarbeid med dei tilsette. Prosjektet skal halde fram til opphevingsvedtak er fatta.
  7. Kommunedirektøren skal setje i gong tilsvarande prosjekt i dei andre sektorane. Det må gjerast ei økonomisk vurdering for å avdekke handlingsrom i heile den kommunale verksemda.
  8. Framtidas organisering skal forankrast I ein revidert omsorgsplan som skal utarbeidast snarast råd, men slik at det ikkje går utover innsparingsforslag.
  9. Formannskapet skal jamleg verte orientert om framdrifta i prosjekta.

Du kan lese alle sakene om omstillingsprosessen på denne sida.

Andre saker som kommunestyret skal handsame er mellom anna:

(Trykk på lenkene for å lese saksframlegga)

Alle saksframlegg og innkallinga kan du lese her.