Sjekk postkassa – vinn tur i saunaen
I desse dagar finn du innbyggarundersøkinga i postkassa di. Svarer du på denne, kan du vinne gåvekort til Hareid sauna.
Erlend Friestad
Annakvart år gjennomfører Hareid kommune ei stor innbyggarundersøking. Det gir ein god peikepinn på kva dei som bur her og brukar tenestene våre meiner om kommunen og tilbodet her.
I år vil alle som svarer på undersøkinga kunne vere med i trekninga av eit gåvekort på Hareid sauna på to timar. Her kan du ta med deg inntil 11 andre og kose dykk. Verdien er 1250 kroner.
Her kan du lese meir om innbyggarsøkinga.
Postkorta blir lagt i alle postkasser i kommunen frå 19. mai. Har du ikkje fått postkorta innan søndag 25. mai – ta kontakt på vivilvite@hareid.kommune.no.
Publisert 20.05.2025 12:13
Sist endra 21.05.2025 08:34