Skader etter vasslekkasje på rådhuset

Ungdomsklubben er hardast ramma.

Det har rent store mengder vatn ned i lokal til ungdomsklubben på rådhuset. Erlend Friestad  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Opprydding og -tørkingsarbeidet er allere i gang. Erlend Friestad  Lekkasjen blei oppdaga onsdag føremiddag. Eit røyr i andre etasje i dei gamle lokala til fylkestannlegen hadde gått lekk. Dette lokalet blir for tida renovert og står tomt. Vatnet har så rent vidare ned til etasjen under.

Her har ungdomsklubben fått størst skader. Her har tak, golv og veggar fått skader. Det har også rent noko vatn inn i gamlebiblioteket.

Forsikringsselskap er kontakta og arbeidet med opptørking, takst og skadeavgrensing er allereie i gang.

Det er på noverande tidspunkt ikkje mogleg å seie kor lang tid oppryddinga/renoveringa av lokala vil ta.