Skaff deg ein beredskapsven før krisa

Det kan vere krevjande å planleggje eigenberedskap for ei veke. Hugs at familie, vennar og naboar kan hjelpe kvarandre og samarbeide om gode løysingar. 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.
To som knokehelsar kvarandre - Klikk for stort bilete Pexels.com

Her er nokre døme på ting de kan hjelpe kvarandre med:

  • førstehjelp ved skadar.   
  • omsorg og støtte.   
  • opphald og overnatting ved evakuering frå eigen bustad.   
  • omsetjing og forklaring av informasjon frå styresmaktene.   
  • praktisk hjelp til bruk av utstyr og verktøy.   
  • innkjøp, bering og transport.   
  • byte eller bytelån av utstyr og varer.    
  • lån av mobiltelefon som er kopla til eit anna nett enn din.   
  • felles matlaging.  

 

Dette er lurt å planlegge før du står der under krisa, og kanskje ikkje har mobilnett slik at du kan kontakte familie eller vener.

 Les meir om felles eigenberedskap på sikkerhverdag.no.

 

Kvifor eigenberedskap i Hareid kommune?

Hareid kommune held på med ein heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse. Her har vi sett på ei rekke med ulike alvorlege hendingar og korleis dei vil påverke oss.

I eit fleirtal av scenarioa vi har analysert, ser vi at god eigenberedskap er med på å redusere konsekvensane av hendinga. Til dømes vil vi delar av kommunen kunne bli isolert, vi kan miste straumen og heilt eller delvis moglegheita til å kommunisere med kvarandre. I andre situasjonar må vi halde oss inne, som under eit atomutslepp eller ny pandemi.

Har du då nok mat, reint drikkevatn, alternativ oppvarming med meir, vil desse situasjonane vere lettare å takle.

 Les meir om råda for eigenberedskap her.