Bakgrunnen for tiltaket er at eksisterande vasskummar og tilhøyrande armatur er i dårleg stand og ikkje fungerer slik dei skal. Dagens leidningsnett er gamalt, og ved feil eller lekkasjar må vi i dag stenge av store område. Dette kan få konsekvensar for mange abonnentar samtidig.
Når arbeidet er ferdig, vil vi få betre kontroll med vassforsyninga. Det betyr at vi i framtida kan avgrense avstengingane til mindre område dersom det skulle oppstå feil, og dermed sikre ei meir stabil og påliteleg vassforsyning.
I tillegg er det i dag ein pågåande lekkasje i området på over 170 kubikkmeter vatn per døgn. Denne lekkasjen klarer vi ikkje å lokalisere før kummane er byta ut. Det inneber at store mengder reinsa vatn i dag går tapt ut i terrenget. Tiltaket er difor også viktig av omsyn til ressursbruk og miljø.
Mellombels vassavstenging
I anleggsperioden vil det vere naudsynt å stenge vatnet mellombels for dei aktuelle abonnentane. Kor mange gonger ein eigedom blir råka vil variere, og er avhengig av kvar ein bur i feltet. Som hovudregel vil det vere éi planlagd vassavstenging per kum som blir byta. Sidan det er ti kummar i prosjektet, kan enkelte oppleve fleire avstengingane enn andre.
Vi startar med å klargjere mest mogleg i forkant, og det vil difor ikkje vere vassavstenging første dagen.
Planlagde avstengingar vil normalt skje i arbeidstida, mellom klokka 08.00 og 16.00. Samtidig må vi ta høgde for at det kan oppstå uventa utfordringar undervegs i arbeidet. Dersom dette skjer, kan det bli nødvendig å halde vatnet stengt lenger enn planlagt, i enkelte tilfelle utover arbeidstid. Vi vil i so fall varsle dei som blir råka fortløpande.
Kartet viser alle husstandane i området som blir råka, kvar kummane ligg og i kva rekkefølgje dei blir byta.
Hareid kommune
Varsling og informasjon
Aktuelle abonnentar vil få varsel via SMS dagen før planlagd stenging.
Dersom det oppstår endringar eller forseinkingar undervegs, vil dei som er råka få oppdatert informasjon fortløpande via SMS.
Abonnentar med hemmeleg telefonnummer må sjølve registrere nummeret sitt i tenesta VarsleMeg.no for å bli varsla.
Vi oppmodar også utleigarar om å vidareformidle informasjon vidare til leigetakarar, slik at alle som bur i området får beskjed.
Her kan du hente vatn når vatnet blir stengd. Huset ligg der 30-sonen startar i Melshornvegen.
Erlend Friestad
Førebuing og eigenberedskap
Vi oppmodar alle innbyggarar om å førebu seg på periodar utan vatn.
Det er særleg viktig å:
- Skaffe seg beredskapsvatn i forkant
- Unngå å setje på oppvaskmaskin eller vaskemaskin når ein har fått varsel om vassavstenging
Styresmaktene tilrår at kvar husstand har lagra minst 20 liter drikkevatn per person. Dette gjeld generelt, både ved planlagde arbeid og uførutsette hendingar der vatnet kan bli borte over lengre tid.
Sårbare grupper, som eldre, sjuke eller familiar med små barn, må vere særleg merksame på dette og sørgje for å ha nødvendig vatn tilgjengeleg.
Tilgang på vatn under stenging
Det blir etablert ein vasspost der abonnentane kan hente drikkevatn når vatnet er stengt.
Denne er plassert i Melshornvegen, rett før bustadfeltet startar (sjå kart og bilete). Kapasiteten her er god og vil dekke behovet.
I tillegg vil vi vurdere å etablere ein ekstra vasspost på Plassane, på andre sida av bustadfeltet. Dette er av praktiske omsyn for å gjere tilgangen enklare for fleire, ikkje på grunn av manglande kapasitet.
Når vatnet kjem tilbake
Når vatnet blir sett på att etter ei avstenging, er det vanleg at det kan vere misfarga eller innehalde luft.
Vi tilrår difor at du tappar vatn frå den krana som ligg nedst i huset ditt, og let vatnet renne til det blir klart.
Veg og framkomst
Vegen forbi arbeidsstadane vil i periodar bli heilt stengd.
Dette vil i dei fleste tilfelle bli løyst med omkøyring via det nye bustadfeltet på Plassane.
I eitt tilfelle vil bustadar bli liggande på ein endeveg utan køyretilkomst i anleggsperioden. Desse vil bli særskilt varsla.
Anleggsarbeid og nærmiljø
Arbeidet vil vere synleg i området i perioden. Vi skal både grave med gravemaskin og køyre til og frå utstyr og masse med lastebilar. Det er likevel ikkje venta at arbeidet vil medføre særleg støyande aktivitet.
Framdrift og gjennomføring
Prosjektet vil gå stegvis fram etter ein planlagt prioriteringsrekkjefølgje, som går fram av kartet som er publisert. Etter kvart som arbeidet går framover, vil færre abonnentar bli påverka av vidare utskiftingar. Målet er å gjennomføre arbeidet under kontrollerte forhold, slik at vi unngår akutte og uplanlagde hendingar i framtida.
Kostnad og entreprenør
Prosjektet har eit budsjett på 3 millionar kroner. Utførande entreprenør er Aurvoll og Furesund AS.
Spørsmål?
Dersom du har spørsmål knytt til eit varsel du har fått, eller til ei konkret avstenging, ta kontakt med teknisk vakt på 970 62 360.