Skal Hareid kommune ta imot 60 flyktningar?

Dette er ei av sakene som formannskapet skal ta stilling til i 25. mars. 

Du kan sjå møtet direkte her frå klokka 14.

Sakliste og sakspapir kan du lese via denne lenka. (DOCX, 50 kB)

 

Ta imot flyktningar

Hausten 2022 vedtok kommunestyret at Hareid kommune skulle busette 11 flyktningar. Dette var på oppmoding frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi).

Dette var før krigen i Ukraina braut ut. Krigen i Ukraina har ført til at behovet for busetting har stege monaleg. Imdi varsla alle kommunane i landet om dette i brev datert 4. mars.

Dei nyaste prognosane viser at behovet for busetting i 2022 er berekna til å vere om lag 35.000 personar. Imdi har i samråd med KS fordelt dette talet på alle kommunar i landet, Hareid kommune vert oppmoda om å busette til saman 60 flyktningar. Vedtaket skal ikkje inkludere familiesameinte eller innehalde andre reservasjonar.

Det er vedteke at ukrainske statsborgarar skal få mellombels, kollektivt vern. I tillegg til ukrainske flyktningar er det også andre grupper som skal busettast i 2022. Det er difor viktig at kapasiteten til å busette flyktningar kan justerast i tråd med det samla behovet.

Tilskotsordningane frå staten dekker dei økonomiske kostnadane for kommunane. Tilskota skal legge til rette for at kommunen skal kunne auke kapasiteten i tråd med behovet. Det vil særleg vere kvinner, barn og eldre flyktningar som kjem frå Ukraina. Det er viktig at kommunen legg planar for å bygge opp tenesteapparatet for fleire flyktningar frå Ukraina og andre land. Dette dreier seg om både bustader, helsetenester, introduksjonsprogram, barnehageplassar og skule.

Aktuelle sektorar/einingar som vil møte flyktningar som kjem til kommunen er informert om situasjonen, og stiller seg positive til å kunne hjelpe.

På grunn av kort frist for å gi tilbakemelding til Imdi, vil formannskapet kunne nytte seg av hasteparagrafen i kommunelova, som gjer at dei kan ta ei avgjersle som eigentleg ligg til kommunestyret.

Tilrådinga frå kommunedirektøren er at Hareid kommune skal busette 60 flyktningar i 2022.

 

Støtte til Volda Ørsta flyklubb

Volda Ørsta Flyklubb søker om eingongsstøtte for å oppretthalde drift, derunder søk og redning, som del av beredskapstenesta underlagt flytenesta og Hovudredningssentralen.  Klubben har bygd nytt klubblokale.  Som følgje av auka materialkostnad søker dei no kommunane i Sjustjerna om totalt 350 000 kroner i eingongsstøtte.  Fordelt på sju kommunar vert dette kr 50 000 pr. kommune.

Kommunedirektøren ser positivt på flyklubben sitt arbeid knytt til søk og redning, men registrerer at det ikkje ligg føre budsjettmidlar til slike føremål i 2022. Kommunedirektøren tilrår derfor at formannskapet ikkje yt støtte til Volda og Ørsta Flyklubb.

 

I tillegg skal formannskapet vurdere kva kommunen skal gjere etter lagmannsrettsdommen i Øvrelid-saka.