Skal kartlegge administrative oppgåver i kommunen

Kommunen står i ein situasjon der vi må redusere driftskostnadene for å ha ei berekraftig drift framover.  

dronefoto rådhuset vinter - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

For å sikre ein god prosess og eit best mogleg resultat av omstillinga skal vi gjennomføre ei grundig kartlegging av oppgåver, ansvar og ressursbruk i einingane. I fyrste omgang er det sektor for stab og samfunn som skal gjennom kartlegginga.

Føremålet med dette arbeidet er:

  • å få ei god oversikt over kva oppgåver som blir utført
  • å vurdere kva som er lovpålagt, kritisk og nødvendig
  • å identifisere oppgåver som kan endrast, effektiviserast eller eventuelt takast bort
  • å sikre at vi har rett kompetanse på rett plass
  • å legge grunnlaget for eventuelle endringar i bemanninga

 

Målet er å gjennomføre prosessen på ein open, ryddig og respektfull måte. Kartlegginga er ikkje ei vurdering av den enkelte sin innsats eller verdi, men eit naudsynt grunnlag for å ta gode og forsvarlege avgjerder.

Vi forstår at dette kan skape uro også blant innbyggarar og tenestemottakarar. Vi vil halde dykk godt orientert, og vi vil sikre at prosessen skjer i tråd med lov- og avtaleverk, med god dialog med og respekt for alle involverte.