Her ved høgdebassenget øvst i Solfallet, har Universitetet installert eit punkt på å måle jordskjelv.
Erlend Friestad
Stasjonen er plassert ved høgdebassenget i Melshornlia. Den er mellombels, men Universitetet vurderer også ein meir permanent stasjon i kommunen. Frå før av har universitetet 42 slike faste seismiske stasjonar.
Årsaka til at Hareid blei vald til å huse ein målestasjon, er å få ein god spreiing av stasjonar. I tillegg er berggrunnen gunstig. No i mai blei det også sett opp ein stasjon på Averøy nord i fylket.
Dersom du vil følgje med på jordskjelvmålingane til universitetet, så kan du gjere det på skjelv.no.
Her har målestasjonen på Hareid eiga side. Den finn du her.
Her er seismogrammet frå målestasjonen som ligg mellom Rødvenfjorden og Romsdalsfjorden under det kraftige jordskjelvet 12. januar 2025. Ved neste jordskjelv i regionen, vil vi kunne sjå tilsvarande målingar frå Hareid.
skjermdump frå skjelv.no