Skal møte statsforvaltar for å diskutere budsjett og nedbetalingsplan

Måndag 12. januar skal både administrativ og politisk leiing til Molde for å diskutere budsjett og nedbetaling av meirforbruk med statsforvaltaren. 

dronebilete rådhuset - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Dei som reiser oppover er  

  • ordførar Bernt Brandal (Folkelista)
  • formannskapsmedlem Øyvind Grimstad (INP)
  • kommunedirektør Bent Arild Grytten
  • assisterande kommunedirektør Hanne Rognan
  • økonomileiar Bjørnar Haddal

 

Tema på møtet er budsjettvedtaket til kommunestyret. Sidan Hareid kommune har brukt meir pengar enn budsjettert dei siste tre åra, og heller ikkje har hatt reserve å tære på, er vi på Robek-lista. Det betyr at statsforvaltaren skal gjennomføre ein utvida lovlegkontroll av budsjetta til kommunen og planen for å betale tilbake meirforbruket.  

Statsforvaltaren har allereie signalisert at dei ikkje kjem til å godkjenne budsjettet og tiltaksplanen fordi kommunen har lagt opp til for lang tilbakebetalingstid på meirforbruket. I budsjettet som blei vedteke i desember er det lagt opp til å betale ned meirforbruket (underskotet) på ti år.  Møtet som kommunen er kalla inn til er ei lekkje i statsforvaltaren sitt arbeid med lovlegkontroll.  Vedtak om lovlegkontroll vert fatta etter nemnte møte.