Slengartoppen – kva kandidatar fekk flest personrøyster?

Kva kandidatar fekk flest kryss og slengarar i kommunevalet?

Illustrasjon som viser korleis vi skriv opp slengarar. - Klikk for stort bilete Valdirektoratet

Det er summen av personrøyster som avgjer rekkefølgja på kandidatane på ei liste, og dermed kven som kjem inn frå lista i kommunestyret, og kven som blir varaar.

Det er tre måtar å få personrøyster på:

 

1. Personkryss

Veljarar som ønska det, kunne setje eit kryss forran kandidatnamnet. Eit kryss er lik ein personrøyst. Kandidatar med

Talet på personkryss kan seie noko om kor stor tru veljarane som har røysta på lista har på kandidaten.

Dei to personane frå kvart parti med flest personkryss i valet var:

  • Bernt Brandal, Folkelista: 751
  • Kristian Fuglseth, Folkelista: 125

 

  • Oskar Grimstad, Fremskrittspartiet: 146
  • Jeanette Teigene, Fremskrittspartiet: 52

 

  • Øyvind Grimstad, Industri og næringspartiet: 92
  • Ståle Liavåg, Industri og næringspartiet: 38

 

  • Ole Frank Bakken, Høgre: 78
  • Robert Holstad Flø, Høgre: 31

 

  • Annika Brandal, Venstre: 43
  • Jenny Helen Korsnes: 22

 

  • Torill Oda Ringstad: 39
  • Kai-Runar Svarstad: 34

 

  • Anne-Marie Saunes Overå: 16
  • Ingrid Cecilie Overå: 8

 

2. «Slengar»

Ein «slengar» er når nokon skriv opp ein kandidat frå ei anna liste på røystesetelen. Då gir dei ein liten del av røysta si til denne kandidaten. Hen får ei ekstra personrøyst, og partiet hen høyrer til, får om lag 5 prosent av røysta. Kvar veljar kunne setje opp inntil fem slengarar.

Talet på «slengarar» kan seie noko om kor stor tru andre enn dei som har røysta på lista har på kandidaten.

Dei ti personane med flest slengarar i valet var:

  • Bernt Brandal, Folkelista: 136
  • Annika Brandal, Venstre 57
  • Øyvind Grimstad, Industri og næringspartiet: 52
  • Oskar Grimstad, Fremskrittspartiet: 37
  • Torill Oda Ringstad, Arbeidarpartiet: 30
  • Ole Frank Bakken, Høgre: 29
  • Jenny Helen Korsnes, Venstre: 23
  • Sivert Nipen Tretnes, Arbeidarpartiet: 15
  • Jeanette Teigene, Fremskrittspartiet: 15
  • Ranja Dimmen Alme, Folkelista: 12

 

3. Røystetillegg

Partia sjølv kan gi røystetillegg til dei kandidatane dei vil sikre skal kome inn. Det er mogleg å gi røystetillegg til opptil fire kandidatar. Desse hadde utheva skrift på røystesetelen og startar med ein bonus. Ein kandidat med røystetillegg får personrøyster som svarer til 25 prosent av alle røystene partiet fekk. Det vil seie at ein person med røystetillegg på ei liste som fekk 100 røyster, startar med 25 personrøyster, før slengarar og personkryss skal teljast opp.

 

Som skrive over, det er summen av personrøyster som avgjer rekkefølgja på kandidatane på ei liste, og dermed kven som kjem inn frå lista i kommunestyret, og kven som blir varaar.

Les også: