Pexels.com
Bigset skule
2.-7. klasse startar måndag klokka 08.15. Oppmøte ved hovuddøra på nedsida av skulen.
Vi har i år 14 førsteklassingar. Desse møter ved SFO på oppsida av skulen klokka 0830 saman med sine føresette.
Hjørungavåg skule
På Hjørungavåg skule startar 2.-7. klasse måndag klokka 08:15. Dei møter då på sine klasserom.
Vi har i år 12 førsteklassingar. Desse ønsker vi velkomne saman med sine føresette klokka 09:00, og vi samlast då i gymsalen.
Hareid skule
2. – 7. trinn startar klokka 08.15. Elevane møter ute på skuleplassen på sine tilviste plassar.
Hareid skule har 38 førsteklassingar i år. Dei møter klokka 0900 saman med føresette ved flaggstonga for å heise flagget.
Hareid ungdomsskule
Ungdomsskuleelevane møter til vanleg tid kl.8.15 i aulaen på Hareid ungdomsskule.