Rakk du ikkje å vaksinere deg då kommunen hadde fellesvaksinasjon i Hareidhallen?
Då kan du nytte ein av datoane under, men då må du bestille time.
Vaksineringa vil vere på Hareid helsestasjon, og du må ringe på telefon 46 83 47 85 for å bestille time.
Datoar vi har sett opp er:
- 25. november 2026
- 9. desember 2026
- 6. januar 2027
Husk du må vere frisk og ikkje ha feber når du skal ha vaksine.