Heile månadsrapporten kan du lese her.
Her kan du sjå formannskapsmøtet direkte eller i opptak:
Slik skildrar kommunedirektør Bent Arild Grytten starten på året:
Dei to føregåande åra har vore prega av store meirforbruk. Årsakene til dette har vore samansette og nokre av årsakene låg dessutan utanfor vår kontroll. Det var likevel eit faktum at vi hadde for låg kvalitet på dei viktigaste styringsverktøya våre, knytt til budsjettering og økonomirapportering. Difor handla siste halvår av fjoråret om å forbetre desse styringsverktøya. Dette har vi lukkast med så langt i år, men det er viktig å vere merksam på at dette aldri er ein jobb som er gjort ein gong for alle. Det vert ein evigvarande prosess. For målsettinga om sunn og berekraftig økonomisk drift kan berre nåast om alle dreg i same retning mot same målsetting.
Og det har vore gjort ein framifrå innsats av mange. På mange plan og på mange nivå. Det er difor ei glede å sjå at arbeidet har bore frukter. Men vi lever på ein økonomisk knivsegg og vi har ingen buffer. I tillegg har vi ein økonomisk ryggsekk i form av eit betydeleg akkumulert meirforbruk. Det skal dekkast inn samstundes som vi opprettheld gode nok tenester og gode nok arbeidsvilkår for dei tilsette.
I denne første økonomirapporten for perioden januar og februar ligg vi på skjema i høve budsjettet. Det er ikkje tilfeldig. Det er resultatet av mykje godt arbeid i einingane og i sektorane. Særleg på lønnsområdet har det vore jobba godt. Dette er ein milepåle, men må aldri bli ei sovepute.
Dei tilsette er framleis vår største kapital:
Vi må halde fram med arbeidet for å få ned sjukefråværet. Gode, lojale og friske tilsette vert ein kritisk suksessfaktor. Vi må difor sikre at vi tar vare på våre tilsette på ein slik måte at det resulterer i høg trivsel og lågt sjukefråvær. Dette fordrar og eit godt samarbeid med dei tillitsvalde.
Vi har enno ein lang veg å gå:
Vi er på rett veg, men det er langt att. Og det er ikkje alle kostnader vi kan ha påverknad på. I alle fall ikkje på kort sikt.. Utbetalingar til sosiale stønader og barnevern er døme på slike og også døme på tenester som tradisjonelt har slite med store overskridingar. Vi veit at slike kostnadar kjem enten dei er budsjetterte eller ikkje. Så her har vi lagt vinn på å budsjettere meir realistisk.
Det knyt seg vidare stor spenning til om inntektene er rett budsjetterte. Inntekter har like sterk verknad på botnlina som utgiftene. Difor er inntektene like viktige som kostnadane. Budsjettering av inntekter er ofte ei komplisert øving, der mange ting heng saman og kan påverke i positiv eller negativ retning. No på nyåret knytter det seg størst spenning til korleis rentenivået vil utvikle seg ut over året. Prognosane er ikkje like tydelege som då vi førebudde og vedtok budsjettet i desember. Det gjenstår å sjå korleis dette vil utvikle seg og korleis dette potensielt vil få verknad på driftsnivået vårt.