Kutt i einingane, kutt i godtgjersle, innføring av avgift, godkjenning av barnehage - dette skal kommunestyret behandle 19. mars

Kva skal kommunen kutte 21,8 millionar? Det er den viktigaste saka kommunestyret skal ta stilling til i møtet 19. mars. 

kvinne som står på Melshornet og ser mot Snipsøyrdalen. Vår, sol, blå himmel - Klikk for stort bilete Hareid kommune

Møtet er i kommunestyresalen og startar klokka 18. Som vanleg er møte ope for publikum og vil også bli sendt direkte her på nettsida og på Facebook.

Nedanfor finn du ei kort oversikt over hovudsakene. 

Her kan du lese alle sakspapira.

Plan for førebygging av omsorgssvikt og utvikling av åtferdsvanskar

Planen for førebygging av omsorgssvikt og utvikling av åtferdsvanskar har vore på seks vekers høyring og er no klar for endeleg politisk behandling. Det kom inn tre høyringsuttalar, og desse er gjennomgått og vurdert. Planen har brei forankring i tenestene og byggjer på kunnskap frå folkehelseprofil, Ungdata og fagmiljø i kommunen.

Målet med planen er å sikre at barn og unge får rett hjelp til rett tid gjennom styrkt tverrfagleg samarbeid, tidleg innsats og inkluderande fellesskap. Støttande team blir ei sentral satsing, og planen teiknar eit framtidsbilete der kommunen prioriterer førebygging og samhandling på tvers av sektorar. Planen skal gjelde til 2036, med årleg gjennomgang av tiltaka.

 

Godkjenning av Syverplassen barnehage

Syverplassen barnehage har søkt om godkjenning etter barnehagelova i samband med utviding av barnehagebygget og ei ny leikehytte. Kommunen har gått gjennom all dokumentasjon, inkludert ferdigattest, planteikningar, bemanningsplan og politiattestar. Tilsynsmynde innan brannvern, arbeidsmiljø og miljøretta helsevern har òg gitt godkjenningar, med enkelte vilkår som no er oppfylt. Formannskapet innstiller på at kommunestyret vedtek planen.

 

Tilsynsavgift for utsal av tobakk og tobakkssurrogat

Kommunen er pliktig til å føre tilsyn med alle som sel tobakk eller tobakkssurrogat, og kan ta betaling for dette tilsynet. Saka foreslår å knyte kommunens tilsynsavgift direkte til satsane i tobakksalgsforskrifta. Dette sikrar automatisk oppdatering når staten endrar satsane, og gir lik praksis med andre kommunar.

Med dagens utsalsstader vil dette gi kommunen ei inntekt på rundt 30 000–35 000 kroner årleg, som skal dekkje kostnadene til tilsyn, rapportering og oppfølging. Formannskapet innstiller på at avgifta blir innført.

 

Endring i godtgjersle for folkevalde

Kommunestyret har tidlegare bestilt ei sak for å redusere møtegodtgjerslene til folkevalde med minst 150 000 kroner i 2026. Kommunedirektøren tilrådde i utgangspunktet ein 30 prosents reduksjon i møtegodtgjersla for å nå innsparingsmålet. 

I formannskapet blei det gjort ei ny vurdering, og dei tilrår no ein reduksjon på 11 prosent i møtegodtgjersle og i leiargodtgjersla for leiarane i næring- og miljøutvalet, levekårsutvalet og kontrollutvalet. Dette gir ei innsparing på 64 500 kroner i 2026. Ordførar og varaordførar bidreg i tillegg med 5 250 kroner kvar, slik at samla innsparing blir 75 000 kroner. Resten av kommunestyret sitt mål om 150 000 kroner blir dekt gjennom innsparingar på eining for kultur.

 

Fordeling av kommunestyret sine innsparingskrav for 2026 og 2027

Som del av budsjettvedtaket for 2025 har kommunestyret vedteke betydelege innsparingar: 21,8 millionar kroner i 2026 og 13 millionar kroner i 2027. Statsforvaltaren har understreka at kommunen må gjennomføre reelle og strukturelle endringar, og ikkje lenger kan ha ufordelte innsparingar. Denne saka viser kor kutta skal fordelast på einingsnivå.

Kuttnivåa vil føre til endringar i bemanning, omorganisering og justering av tenestenivå.

Då formannskapet handsama saka, gjekk dei for kommunedirektøren si tilråding.

Les meir i denne saka.