Erlend Friestad
På tidspunktet denne rapporten vert skriven, er det indikasjonar på at løns- og driftsutgiftene samla sett, vil utvikle seg svakare enn det som vart lagt til grunn i budsjettet. Samstundes er inntektsutviklinga framleis usikker. Erfaring frå tidlegare år viser at kommunen ofte har hatt høgare inntekter enn budsjettert, særleg innan skatt, rammetilskot og andre statlege overføringar. Det er difor for tidleg å trekkje bastante konklusjonar om korleis årsresultatet til slutt vil verte.
Kommunedirektøren vurderer framleis at prognosen frå første tertial om eit meirforbruk på om lag 13 mill. kroner kan vere innanfor eit realistisk utfallsrom, Men usikkerheita er større enn vanleg. Prognosen vert difor justert til eit nivå på om lag 15 mill. kroner. Med den kunnskapen vi har i dag, kan dette synast å vere eit realistisk utfall. Men det må strekast under at det ligg føre eit mogleg utfallsrom på begge sider av nemnte prognose. Når ein ser bort frå den budsjetterte reduksjonen i styringsrenta, er intektsbudsjettet jamnt over konservativt budsjettert. Det vert difor særleg viktig å følgje utviklinga tett gjennom resten av året.
Sjølv om den økonomiske situasjonen er krevjande, er det viktig å løfte blikket og sjå utviklinga over tid. Hareid kommune har gjennom fleire år gjennomført omfattande omstillingar og tilpassingar i drifta. Dette arbeidet har vore krevjande for både leiarar, tilsette og folkevalde, men resultata er synlege.
Les heile rapporten her.
Analyser av kommunen sine rekneskapstal viser at ressursbruken innanfor dei sentrale tenestene er redusert vesentleg dei siste tre åra. Samla sett svarar utviklinga til om lag 70 millionar kroner på kommunenivå. Også innan fleire andre tenesteområde er ressursbruken redusert eller halde stabil over tid. Dette er ikkje budsjettal, men faktiske rekneskapstal. Utviklinga gir difor grunnlag for å seie at omstillingsarbeidet i stor grad har hatt effekt.
Samtidig er det viktig å erkjenne kva dette betyr i praksis. Mange tenester vert i dag drivne med svært avgrensa marginar. Fleire einingar rapporterer om høg arbeidsbelastning, krevjande driftssituasjonar og eit stadig mindre handlingsrom for ytterlegare reduksjonar. Når kommunen framleis opplever økonomiske utfordringar etter fleire år med omstilling, er det ikkje fordi organisasjonen har stått stille. Tvert imot er mykje av det lettast tilgjengelege effektiviseringspotensialet allereie teke ut.
Dette fritar ikkje kommunen frå ansvar for vidare omstilling og prioritering. Kommunedirektøren vil framleis arbeide for å tilpasse drifta til kommunen sine inntektsrammer og sikre langsiktig økonomisk berekraft. Dette kan innebere ytterlegare tiltak på bemanningssida. Samstundes må dette skje på ein måte som tek vare på lovpålagde oppgåver, forsvarleg tenesteyting og kommunen si rolle som arbeidsgjevar.
Eg vil også nytte høvet til å takke leiarar, medarbeidarar og tillitsvalde for innsatsen gjennom eit år som har vore prega av høgt arbeidspress og omfattande endringsarbeid. Trass i krevjande økonomiske rammer vert det kvar dag levert viktige tenester til innbyggjarane våre. Det er denne innsatsen som gjer at kommunen framleis kan møte utfordringane med både realisme og framtidstru.
Samla vurderer kommunedirektøren at kommunen har oppnådd viktige resultat i omstillingsarbeidet dei siste åra, men at den økonomiske situasjonen framleis krev tett oppfølging, nøkterne prioriteringar og vilje til vidare endring. Dei komande månadene vil vere avgjerande for kva resultat Hareid kommune oppnår ved utgangen av 2026.
kommunedirektør Bent Arild Grytten
Les også rapportane frå sektorane: