Slik gjekk det med Hareid kommune i 2025

2025 har vore eit år prega av både harde prioriteringar og tydelege resultat. Som kommunedirektør har eg sett eit organisasjonshjarte som har arbeidd målretta for å snu ei krevjande økonomisk utvikling, samstundes som vi held fram med å levere gode og viktige velferdstenester.

Siste del av Hareidselva. I forgrunnen bekkeblom langs elvebreidda - Klikk for stort bilete Erlend Friestad portrett - Klikk for stort bilete Nanseth Media

Under følgjer kommunedirektør Bent Arild Grytten si innleiing til rekneskapen og årsrapporten for 2025.

Les heile rapporten her. 

 

Hareid kommune vart meld inn i Robek i 2024, og økonomi vil også i tida framover vere eit sentralt tema. Likevel må vi aldri gløyme at ei kommune er mykje meir enn tal i eit budsjett – ho er ein samfunnsbyggjar, ein tenesteytar og ein viktig del av kvardagen til innbyggjarane våre.

I dette forordet ønskjer eg å løfte fram nokre av dei mest sentrale utviklingstrekk i 2025 – innan økonomi, tenester, organisasjon og lokalsamfunn.

 

Økonomi

2025 vart eit år med ein kraftig økonomisk snuoperasjon. Etter eit meirforbruk på over 70 millionar kroner i 2024, viser  tal for 2025 eit meirforbruk på knappe 10 millionar kroner. Dette er framleis eit negativt resultat – men ei forbetring på rundt 60 millionar kroner frå eitt år til det neste. Det er ei utvikling vi er stolte av, og eit resultat av hardt og målretta arbeid i heile organisasjonen.

Forbetringa kjem frå kombinasjonen av:

  • omfattande omstillingsarbeid i sektorane Velferd og Læring og kultur
  • sterkare fokus på kvalitet i budsjettering og økonomioppfølging
  • tilsettingsstopp og innkjøpsstopp i delar av året
  • meir realistiske rammer og betre styringsgrunnlag

Sjølv om mykje er oppnådd, ligg det framleis ein stor jobb framfor oss. Vi skal både dekkje inn akkumulert meirforbruk og sikre ein sunn og berekraftig økonomi på lang sikt. Dette krev framleis omstilling, prioriteringar og tydelege val.

 

Forventningsgapet

Forventningsgapet – skiljet mellom kva innbyggjarane, politiske styresmakter og samfunnet elles forventar at kommunen skal levere, og kva ressursane faktisk gjer mogleg – er framleis ei av våre største utfordringar.

Endringar i tenesteomfang og prioriteringar skapar naturleg nok reaksjonar. Mange av forventningane spring ut frå nasjonale utspel, måten media skapar og forsterkar inntrykk på, og ein privatøkonomi som kan få det til å verke som om kommunane har større handlingsrom enn dei faktisk har.

For dei tilsette i Hareid kommune betyr denne situasjonen at dei står i ein kvardag prega av stort ansvar og høge forventningar.  Arbeids- og ressurspresset er høgt, og vi må vere merksame på kva dette betyr for arbeidsmiljø og trivsel. Omstilling krev handlingsrom, men statlege føringar og juridiske krav reduserer dette rommet betydeleg. Dette gjer prioriteringane endå viktigare – og endå meir krevjande.

 

Tenester

Vi har ikkje gjennomført nye brukarundersøkingar dei siste åra, men klagenivået er lågt i høve til det store talet på saker kommunen handterer. Samstundes slit vi i nokre høve framleis med gamle og nye klager, som er kompliserte og tidkrevjande å løyse. Men arbeidet med å løyse dei held fram.

Vi har i 2025 arbeidd mykje med:

  • betre framdrift i saker og prosjekt
  • klarare og meir presise kvalitetsstandardar, som er betre tilpassa kommunen sin økonomiske berekraft
  • forsterking av styringa på område der økonomien krev nye rammer

Tenestene våre held i det store og heile god kvalitet, men både omfang og nivå må vurderast tettare framover. Vi skal levere det som krevst – og det skal vere godt – men ikkje alle delar av drifta kan halde same nivå som før. Her må både tilsette og folkevalde ta del i prioriteringsarbeidet.

 

Organisasjon og arbeidsmiljø

2025 vart eit år med viktige organisatoriske grep. Vi har:

  • slått saman sektorane Samfunnsutvikling og Sentraladministrasjonen
  • redusert talet på kommunalsjefar frå tre til to
  • rekruttert assisterande kommunedirektør internt og styrka leiarkapasiteten
  • arbeidd vidare med restrukturering i sektor Velferd (implementering i 2026)
  • innført ny turnusordning
  • styrka fokus på informasjons- og kommunikasjonsarbeidet
  • hatt tydeleg innsats for å bygge lagkjensle og bryte ned sektoriserte strukturar

Vi har i periodar av året 2025 hatt utfordringar i arbeidsmiljøet, som følgje av omstilling og høge krav. Mykje av dette vart løyst i løpet av året, men arbeidet med godt arbeidsmiljø og felles retning er kontinuerleg.

 

Lokalsamfunn

Kommunen har dei siste åra satsa målretta på utvikling av lokalsamfunnet – og dette gir resultat. Sentrumsutvikling, tiltak for barn og unge, tettare samarbeid med næringslivet og attraktive møteplassar styrkar både bulyst og identitet. Dette gir effekt på sikt: fleire innbyggjarar, høgare skatteinngang og større aktivitet i næringslivet.

Samtidig må vi sikre at Robek-statusen vår ikkje legg dempar på viljen til utvikling. Prosjektet Pålhaugen omsorgsbustader, er det største kommunale investeringsprosjektet i Hareid nokon gang. Prosjektet har ei total investeringsramme på om lag 200 millionar kroner og vil verte ferdigstilt i november / desember 2026.  Prosjektet har hatt ei fin framdrift i heile 2025.  Når bygningane vert tekne i bruk, vil dei bidra til betre tenester og lågare driftskostnader.

Hareid kommune er for tida ei kommune som er ført opp på Robek-lista.  Det betyr at kommunen for ei tid vert pålagt å redusere lånekostnader og føre ei nøktern kommunedrift elles.  Trass det skal vi halde fram med å vere ein offensiv og framoverretta kommune, der folk trivst og finn grunn til å bygge framtida si.

 

Avslutning

Eg vil takke alle tilsette i Hareid kommune for den imponerande innsatsen i 2025. Det krev mykje å stå i omstilling, men de gjer det med profesjonalitet og styrke. Eg vil også takke ordførar, folkevalde, næringsliv og frivillige for godt samarbeid. Når vi løfter saman, får vi til store endringar – og resultat som betyr noko.

 

Bent Arild Grytten

kommunedirektør