Slik gjer Ulmatec og Hareid Group cruiseanløp mogleg i Hareid

Ulmatec og Hareid Group er heilt avgjerande for at Hareid no kan ta imot cruise. Gjennom samarbeid med kommunen har dei lagt grunnlaget for å utvikle Hareid som ein cruisedestinasjon.

gul pullert. I bakgrunnen Hareid sentrum og HG-bygget - Klikk for stort bileteUnder den gule pullerten gøymer det seg 150 tonn med betong. Det er nok til å halde på plass store cruiseskip. Erlend Friestad

Det er Ulmatec som har ansvar for det praktiske rundt anløpet, mellom anna tryggleik og ISPS-krav. Saman med Hareid Group har dei bidrege med kai og infrastruktur som kan handtere større fartøy. Det er mellom anna bygd ein ny pullert som skal kunne handtere skip av storleiken til MS Artania. Og det er ikkje ein liten pullert som er laga til: Under bakken ligg det 150 tonn med betong - nok til å halde på plass store skip.

– Desse verksemdene har vist stor vilje til å få dette til. Dei har vore avgjerande for at vi no kan ta imot cruiseskip, seier hamnesjef Johannes Alme.

Fagleg støtte i ryggen

Å ta imot store fartøy krev grundige vurderingar.

Kystverket, ved losane i Ålesund, har bidrege med kunnskap og rådgjeving gjennom arbeidet, og vore ein viktig sparringspartnar i planlegginga.

– Det er mange forhold som må vurderast når slike fartøy skal til kai. Vi har fått god hjelp frå Kystverket, som har svara på ei rekkje spørsmål undervegs, seinast i dag har dei svara ut spørsmål frå kapteinen, seier Alme.

Byggjer vidare

Samarbeidet mellom kommunen, Ulmatec og Hareid Group stoppar ikkje med dette anløpet.

Det er planlagt fem cruiseanløp i 2027, og fleire førespurnader er på veg. Målet er å utvikle Hareid som ein attraktiv destinasjon – i tett samarbeid med næringslivet.

Derfor satsar vi på cruiseturisme
Cruiseskip-besøk 13. juni 2026: MS Artania
Tilbod til cruisegjestane 13. juni
Aktivitetar for alle i sentrum 13. juni
Parkering 13. juni
Kaifasilitetar
Cruiseskip-besøk i 2027
Cruiseskip-besøk i 2028