Slik kan lokalsamfunnet gi elevane meir praktisk realfagsundervisning - Hareid kommune

Slik kan lokalsamfunnet gi elevane meir praktisk realfagsundervisning

På Newton-rommet i Volda har sjette- og niandeklassingar frå Hareid den siste tida fått oppleve korleis realfag kan bli både praktisk, engasjerande og forståeleg

To elevar og ein lærar - alle i laboratoriefrakkar - sit på golvet med ein legorobot og eit måleband.  - Klikk for stort bileteOppgåva elevane har fått, er å rekne ut kor langt legoroboten kjem når hjula har rotert ein gong. Newton-lærar Kristoffer Åreskjold rettleiar elevane frå Brandal og Hjørungavåg. Erlend Friestad

No ønsker Hareid kommune og Vekst i Hareid å etablere eit eige Newton-rom lokalt, men for å få det til trengst det meir finansiering. No håpar vi å inspirere lokale aktørar til å bidra i spleiselaget.

 

Programmering, måling og meistring

Om lag 20 elevar frå Hjørungavåg og Brandal skular fekk i førre veke teste Newton-konseptet i praksis. Sjetteklassingane jobba med legorobotar, der dei programmerte roboten til å køyre bestemte avstandar. Elevane målte omkrinsen på hjula, rekna ut kor langt roboten ville køyre ved tre, fire eller fem rotasjonar – og testa om utrekningane stemde i røynda.

Eksamen var å køyre roboten så nær ein LEGO-figur som mogleg utan å velte han. Aktiviteten kombinerte matematikk, teknologi og problemløysing – og gav elevane respons med ein gong på eigne val.

Sjå video frå Newton-besøket:

 

Mann i labora - Klikk for stort bileteNewton-lærar Kristoffer Åreskjold ser at elevane har stort utbytte av å lære realfag på ein praktisk måte. Erlend Friestad

Kva er eit Newton-rom?

Eit Newton-rom er eit spesialtilpassa undervisningsrom for praktisk realfagsundervisning. Her jobbar elevane utforskande med tema som energi, programmering, matematikk, fysikk og teknologi – alltid tett knytt til læreplanen.

– Elevane får eit kjempegodt utbytte når dei får gå frå teori til praksis. Vi har utstyr og opplegg som gir heilt andre moglegheiter enn i eit vanleg klasserom, seier Newton-lærar i Volda, Kristoffer Åreskjold.

Newton-konseptet er eit nasjonalt og internasjonalt samarbeid. Det finst i dag rundt 50 Newton-rom i Noreg, og undervisningsopplegga er kvalitetssikra av Newton-administrasjonen og NTNU Skolelaboratoriet. Erfaringar viser at elevane får større læringsutbytte, og at lærarane blir tryggare i realfagsundervisninga.

Denne veka skal niandeklassingane arbeide med energiomgrepet gjennom modulen Energisk!, der dei utforske stillingsenergi, rørsleenergi og elektrisk energi ved hjelp av kulebaner, lodd og sjølvlaga bilar.

– Tilbakemeldingane frå lærarar som har vore her i Newton-rommet er at elevane meir læringsutbytte, og lærarane har blitt tryggare på å ta i bruk til dømes programmering i klasseromsundervisninga, seier Åreskjold.

 

Utfordrar lokalsamfunnet

Kommunalsjef for læring og kultur i Hareid kommune, Helge Hamre, er svært positiv til opplevinga i Newton-rommet.

Eg er veldig glad for at elevane frå Hareid har fått vere her og sett kva Newton-konseptet er. Dette gir eit heilt anna møte med realfaga enn i vanleg klasserom. Vi håpar å få til eit slikt tilbod i Hareid også, seier Hamre.

Han rosar Vekst i Hareid for å ha sponsa turen, slik at alle sjette- og niandeklassingar i kommunen fekk delta.

– No håpar vi at fleire gode krefter vil vere med Vekst i Hareid og Hareid kommune, slik at vi kan få etablert eit Newton-rom her lokalt.

 

portrett - Klikk for stort bileteProsjektleiar i Vekst i Hareid, Christine Erdal, jobbar for å skaffe nok midlar til å etablere Newton-rom i Hareid kommune også Erlend Friestad

Næringslivet treng denne kompetansen

Vekst i Hareid jobbar no aktivt for å få på plass eit Newton-rom i Hareid kommune.

– Vi har sponsa besøket i Volda slik at elevane skal få ein smak av kva dette er. Samtidig jobbar vi for å etablere eit eige Newton-rom på Hareid, seier prosjektleiar Christine Erdal.

Ho peikar på at eit slikt rom vil vere viktig både for elevane og for framtidig kompetanse i næringslivet.

– Dette skapar motivasjon for realfag og teknologi, og er også viktig for næringslivet som treng kompetanse i åra som kjem.

 

Raus bank-gåve

Prosjektet har allereie fått 600 000 kroner i støtte frå Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre. Det er også dialog med Sparebanken Møre, som har vore med og finansiert Newton-rommet i Volda. Likevel manglar prosjektet framleis midlar.

– Vi er ikkje heilt i mål med finansieringa. No treng vi fleire bidrag for å gjere lokala klare, seier Erdal.

Førebels er rådhuskjellaren på Hareid rådhus peikt ut som aktuelt lokale for Newton-rommet.

 

Treng fleire med på laget

Etablering av Newton-rom skjer ofte i samarbeid mellom kommune, næringsliv og andre samfunnsaktørar. Hareid kommune og Vekst i Hareid håpar no at fleire vil sjå verdien av å investere i barn og unge – og i framtidig kompetanse for lokalsamfunnet.