Slik sikrar du deg tomt i Plassane bustadfelt

No opnar Hareid kommune for sal av utsiktstomtene i det nye bustadfeltet Plassane – eit attraktivt område sentralt i Hareid.

dronefoto av den eine av mange leikeplassane i Plassanefeltet - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Her får du kort veg til alt du treng i kvardagen: skule, barnehage, fritidsaktivitetar og servicetilbod.

Du kan reservere tomt frå 24. november.

 

Kvifor velje Plassane?

  • Sentralt og familievennleg: Fem leikeplassar med mellom anna ballbinge og gapahuk med utsikt gjer området perfekt for både små og store.
  • Kort avstand til alt: Hareid er #5minuttsbygda – her sparer du tid kvar dag. Tid frå dør til jobb eller skule kan vere så lite som fem minutt!
  • Moderne bustadfelt: 37 einebustadtomtar og tre område for konsentrerte bustadar. Perfekt for både sjølvbyggarar og utbyggarar.

LES OGSÅ: Leiter du etter jobb?

Slik går du fram

  1. Finn tomta di: Klikk her for oversikt over pris og areal.
  2. Send søknad innan fristen: Du må fylle ut «skjema – søknad om tildeling av tomt» (opnar 24. november) og sende det til Hareid kommune innan 5. januar 2026. 
    • Du må vere over 18 år.
    • Éin søknad per husstand per tomt (men kvar husstand kan søke på fleire tomter).
  3. Loddtrekning ved stor interesse: Dersom fleire søkarar ønskjer same tomt, blir tildeling avgjort ved loddtrekning. Du får beskjed om tidspunkt og kan vere til stades.
  4. Aksepter tilbodet: Har du fått tildelt tomt, må du signere kjøpekontrakt innan tre månader.

LES OGSÅ: Har du barn i barnehagealder?

Pris og vilkår

  • Tomtene seljast til fastpris per kvadratmeter basert på sjølvkost.
  • I tillegg kjem oppmåling, tinglysingsgebyr, dokumentavgift og tilknytingsavgifter.
  • Bygging kan starte når tomta er skøyta over til deg.
  • Dersom du ikkje har sendt komplett byggesøknad innan to år, kan kommunen kjøpe tomta tilbake til same pris.

 

LES OGSÅ: Har du barn i skulealder?

Visning og salsstart

  • Salsstart: 24. november 2025
  • Frist for søknad: 5. januar 2026
  • Visning: 22. november kl. 13:30 og 28. desember kl. 12:00 (den siste berre ved interesse, så krev påmelding)

 

Kvifor vente?

Plassane bustadfelt gir deg ein unik kombinasjon av nærleik, tryggleik og kvalitet. Her får du ikkje berre ein tomt – du får ein kvardag med meir tid til det som betyr mest. 

Her kan du lese meir om kvifor vi kallar Hareid #femminuttsbygda

LES OGSÅ: Utfyllande reglement for kjøp av kommunale bustadtomter i Hareid kommune (PDF, 139 kB)