Små gartnarar fekk smake resultat av eigen innsats

Endeleg fekk vi hauste potetene i kjøkkenhagen vår i Bigset barnehage. Det har barna venta lenge på!

Ein vaksen og seks barn som står rundt ein pallekarm - Klikk for stort bileteSynnøve og barna i Bigset barnehage fekk endeleg hauste potetane dei sette i mai. Kristina Mork

Historia starta allereie tidleg i mai då vi sette potetene i jorda saman. Sidan den gong har barna vore med på å luke ugras, vatne og passe på at plantene fekk det dei trong for å vekse. Kjøkkenhagen har blitt ein stad som vekkjer stor interesse og nysgjerrigheit. Ser barna at ein vaksen går mot plantekassene, kjem spørsmålet ofte med ein gong:

– Skal vi i kjøkkenhagen no?

 

Variert kjøkkenhage

Gjennom sesongen har barna fått følgje utviklinga frå små frø og settepoteter til grøne planter og etter kvart ferdige grønsaker og frukter. I kjøkkenhagen vår har vi mellom anna jordbær, bringebær, rips, solbær, eple, plommer, graslauk, rabarbra, gulrøter og poteter. Gulrøtene sådde barna sjølve i mjølkekartongar før dei vart planta ut før sommarferien.

Vi har smakt på mykje av det som veks der, nesten kvar dag. Graslauk og rabarbra har vore favorittar hos mange. Samtidig har barna lært om vekstar som veks vilt i naturen, som gaukesyre, surgras, løvetann og engkarse.

Barna har også vist omsorg for livet i jorda. Når dei har funne meitemark på uteområdet, har dei ofte kome springande for å flytte dei til plantekassene våre. Der får meitemarkane hjelpe til med å lage gangar i jorda slik at luft og vatn kjem ned til røtene. Slik lærer barna at også dei minste skapningane har ei viktig oppgåve i naturen.

Barn som står rundt ein pallekarm med mørk jord, dei grev i jorda med henda. - Klikk for stort bilete Kristina Mork

Spanande innhausting

Då dagen for innhausting endeleg kom, var spenninga stor. Små hender grov forsiktig i den mjuke jorda, og plutseleg byrja dei første potetene å dukke opp. For kvart spadetak og kvar neve jord vart det fleire og fleire.

– Oj! Det var ei stor potet! sa Daniel, 5 år.

– Dinna var bitteliten! lo Hannah Lisa, 5 år.

– Sjå! Der er ein edderkopp! ropte Felix, 4 år.

Det vart ein rik fangst med både store og små poteter. Nokre var så store at dei nesten ikkje fekk plass i handa, medan andre var på storleik med ein klinkekule. Uansett storleik var alle like stolte over det dei fann.

 

Sjølvdyrka potetmos

Det aller beste var kanskje at vi allereie dagen etter kunne ete potetene vi sjølve hadde dyrka. Til middag laga vi potetstappe av eigen avling, servert saman med grønsaker og fiskepinnar.

Det er ikkje ofte ein kan servere mat som barna har vore med på å dyrke heilt frå den vart sett i jorda til den hamna på tallerkenen. Då smakar maten ekstra godt.

Gjennom arbeidet i kjøkkenhagen får barna erfare berekraft i praksis. Dei lærer at mat ikkje berre kjem frå butikken, men frå jord, vatn, sol, tid og omsorg. Dei får oppleve gleda ved å vente, følgje med, ta ansvar og til slutt hauste fruktene av eige arbeid.

Vi er stolte av dei flinke, nysgjerrige og engasjerte barna våre som har vore små gartnarar gjennom heile sesongen. Og vi gler oss allereie til neste vår, når nye frø og settepoteter skal i jorda

Gut sit ved grønsakskasse full av potetar - Klikk for stort bileteDaniel er nøgd med årets potethaust i Bigset Barnehage. Kristina Mork