Valansvarleg Erlend Friestad håpar at mange hareidsdølingar nyttar seg av førehandsrøysteperioden.
Hareid kommune
Allereie frå 1. juli har veljarar hatt høve til å røyste i stortingsvalet. Dette er ei ordning som er for dei som ikkje kan røyste i den ordinære førehandsperioden eller på valdagen. Ingen blir spurt om grunn til å røyste tidleg, så i praksis er tidlegrøystinga opa for alle.
I år har 45 personar nytta seg av denne moglegheita. Det er soleklar rekord samanlikna med tidlegare val. Det næraste var i 2019. Då var det 32 som tidlegrøystarar. I dei andre vala dei siste år har det vore 14 (2021) og 16 (2023).
- Vi som jobbar med val er veldig glad for alle som førehandsrøyster. Dess fleire som gjer det, dess meir oversiktleg blir valdagen for oss, seier valansvarleg Erlend Friestad.
Slik røyster du
Måndag 11. august startar den ordinære førehandsrøsteperioden. Dersom du røyster i eigen kommune, vil prosedyren vere som på valdagen:
- Du går til røystebåsen og finn kva parti du vil røyste
- Du brettar røystesetelen med den farga sida ut
- Du går til registreringa og får registrert deg
- Du får stempel på røystesetelen
- Du legg setelen i urna.
Her kan du røyste
Du kan røyste i alle vallokale i heile landet i førehandsrøysteperioden. Dersom du røystar utanfor kommunen din, vil mottakarkommunen sende røystesetelen til heimkommunen din. I desse tilfella må du røyste i konvolutt.
Dersom du vil røyste i Hareid kommune kan du gjere det på rådhuset alle kvardagar:
- 11. august til og med 15. august klokka 10-14
- 18. august til og med 29. august klokka 09-15 på rådhuset
- 1. september til og med 5. september klokka 10-18 på rådhuset
- I tillegg langope til klokka 20 torsdag 28. august og 4. september på rådhuset
Det blir også mogleg å røyste på sjukeheimen tysdag 2. september klokka 10-14.
Viss du er sjuk eller ufør og dette gjer at du ikkje kjem deg til eit vallokale, kan vi kome heim til deg. Les meir om heimerøysting her.