Startar opp kraftverk – fører til utrygg is på Snipsøyrvatnet, Hammarstøylvatnet og Svartevatnet

Arbeidet ved Nesset kraftverk går no inn i ein ny fase med prøvedrift i løpet av måndag eller tysdag denne veka.  Det vil føre til utrygg is ved utløpet.

kartutsnitt som viser område med utrygg is og kvar det ligg i forhold til Nessetelva frilutftsområde - Klikk for stort bilete Google Maps

Offisiell oppstart av kraftverket er venta mot slutten av veka. I samband med oppstarten vil vatn frå kraftverket truleg legge seg oppå isen i Snipsøyrvatnet ved avløpskanalen og fordele seg utover isflata. Etter kvart vil vatnet smelte isen og gjere området utrygt.

Avløpet ligg rett sør for Nessetelva friluftsområde. Sjå kartutsnitt.

Det blir også tappa vatn frå både Hammerstøylsvatnet og Svartevatnet. Dette fører til at isen ved tappepunkta i desse vatna òg kan svekkast og bli farleg å ferdast på.