Statsforvaltaren: Hareid kommune har retta opp i arbeidet med å gi elevane eit trygt og godt skulemiljø

Statsforvaltaren har som ei oppgåve å kontrollere at kommunar og skular følger lova. Slik kontroll blir kalla tilsyn.

Dronebilete av Hareid ungdomsskule teke mot sør. Idrettsanlegga i bakgrunnen. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Vinteren 2022 opna Statsforvaltaren i Møre og Romsdal tilsyn med Hareid kommune og Hareid ungdomsskule. Temaet for tilsynet var skulemiljø.

Kva har statsforvaltaren kontrollert?

Statsforvaltaren har kontrollert om kommunen gjennom sin internkontroll sikrar at skulen undersøker, dokumenterer og set inn tiltak i saker der det er mistanke eller kunnskap om at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø eller blir krenkt av ein som arbeider på skulen.

Korleis blei tilsynet gjennomført?

Skulen og kommunen sende statsforvaltaren dokument som viser korleis skulen jobbar med skulemiljøsaker. Statsforvaltaren hadde også intervju med tilsette på skulen, skuleleiinga og kommuneleiinga. Det blei også gjennomført individuelle samtalar med to elevar og deira foreldre. Statsforvaltaren fann ut at skulen og kommunen ikkje følgde alle reglane i regelverket. Derfor måtte vi rette opp i dei feila som blei funne. Det har kommunen og skulen no gjort.

LES OGSÅ: Tilsyn avdekka svikt i internkontroll for å sikre eit trygt og godt skulemiljø

Kva har skulen og kommunen endra på?

Statsforvaltaren meiner no at Hareid kommune sikrar følgande gjennom sin internkontroll:

  • at skulen undersøker alle saker så raskt som kvar enkelt sak tilseier dersom det er mistanke eller kunnskap om at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø.
  • at skulen/kommunen gjennomfører undersøkingar som har ein god nok fagleg standard.
  • at skulen/kommunen set inn eigna tiltak så raskt som regelverket krev, når ein elev ikkje har det trygt og godt.
  • at skulen/kommunen evaluerer tiltaka i skulemiljøsaker jamleg, og at tiltaka vert endra ved behov.
  • at skulen lagar ein skriftleg plan (aktivitetsplan) når dei set inn tiltak i ei sak.
  • at kommunen avdekker risiko for at undersøkingsplikta, tiltaksplikta og dokumentasjonsplikta ikkje blir oppfylt på skulane i kommunen.
  • at kommunen set inn korrigerande tiltak for å hindre eller førebygge brot på pliktene til å undersøke, setje inn tiltak og dokumentere i skulemiljøsaker.

Tilsynet blir avslutta

Statsforvaltaren konkluderer slik etter tilsynet: «Endringane som skulen og kommunen har gjort, gjer at vi meiner at det er sannsynleg at skulen no følger lova på det området som vi har kontrollert. Vi avsluttar derfor tilsynet.»