Tilsyn avdekka svikt i internkontroll for å sikre eit trygt og godt skulemiljø

- Her er dessverre omfattande manglar og vi har ein stor jobb å gjere, seier ein alvorstyngd kommunedirektør.

Dronebilete frå Hareid sentrum. Teke mot aust. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad  

Statsforvaltaren har vore på tilsyn med Hareid kommune og Hareid ungdomsskule. Temaet for tilsynet var om kommunen gjennom sin internkontroll sikrar at skulen undersøker, dokumenterer og set inn tiltak i saker der det er mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø eller blir krenkt av ein som arbeider på skulen.

Hareid kommune har no fått den førebelse rapporten frå statsforvaltaren. Rapporten peiker på fleire regelbrot.

- Det er sterkt beklageleg at vi ikkje har på plass eit system som er med på å sikre at vi har eit trygt og godt skulemiljø. Vi har starta jobben med å rette feila som er avdekka, seier kommunedirektør Ragnhild Velsvik Berge.

 

Mellombels rapport

Vi vil no lese rapporten nøye og svare statsforvaltaren på om det er faktafeil. Når statsforvaltaren har fått uttalen frå kommunen, vil dei vurdere opplysningane og eventuelt gjere endringar i rapporten. Dersom det framleis er brot på regelverket, vil statsforvaltaren fatte eit vedtak med pålegg om retting.

- Tilsyn er alltid positivt. Det gir oss gode moglegheiter til å lære og rette opp feil som blir avdekka. I dette tilfelle er det dessverre mange ting å ta tak i. Vi må etablere rutinar der vi manglar dette og sikre at desse vert etterlevd. Vi må bygge kompetanse og tydeleggjere ansvarsforhold, seier kommunedirektøren.

 

Manglar ressursar

Rapporten viser til at dei som har vorte intervjua alle på ulike vis har peikt på ressursmangel som ein vesentleg grunn til problema. Kommunedirektør Berge peiker på at i det vidare arbeidet er det viktig å skilje mellom arbeidet med internkontroll og behovet for ressursar til enkeltvedtak eller drift av teneste.

I førre formannskapsmøte vedtok formannskapet å be kommunedirektøren om å vurdere om det er behov for tiltak ved Hareid ungdomsskule for å betre tilhøva for elevar og tilsette. Formannskapet bad kommunedirektøren om å finne ekstra ressursar til ei styrking av ungdomsarbeidet og skulemiljøet for resten av inneverande år, og bad også om at desse tiltaka blir innarbeida i budsjettet for 2023.

 

Funn frå tilsynet

Tilsynet har funne følgjande brot på regelverket:

  • Skulen undersøker ikkje alltid saka så raskt som saka tilseier, dersom det er mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har et trygt og godt skulemiljø.
  • Skulen/skuleeigar gjennomfører ikkje dei undersøkingar som etter ein fagleg standard er rimeleg å forvente i den enkelte saka.
  • Kommunen sin internkontroll er ikkje tilpassa for å hindre eller førebygge brot på undersøkingsplikta og dokumentasjonsplikta.
  • Kommunen avdekker ikkje risiko for at undersøkingsplikta og dokumentasjonsplikta ikkje blir oppfylt. Kommunen følger ikkje opp med korrigerande tiltak for å hindre eller førebygge brot på undersøkingsplikta og dokumentasjonsplikta.
  • Skulen/skuleeigar vurderer ikkje konkret kva for tiltak som er eigna.
  • Skulen/skuleeigar evaluerer ikkje tiltaka jamleg i alle saker, og tiltaka vert dermed ikkje endra ved behov.
  • Skulen/skuleeigar lagar ikkje alltid ein skriftleg plan når dei set inn tiltak i ei sak.
  • Kommunen sin internkontroll er ikkje tilpassa for å hindre eller førebygge brot på tiltaksplikta og kravet om å lage ein skriftleg plan.
  • Kommunen avdekker ikkje risiko for at tiltaksplikta og kravet om å lage ein skriftleg plan ikkje blir oppfylt. Kommunen følger ikkje opp med korrigerande tiltak for å hindre eller førebygge brot på tiltaksplikta og kravet om å lage ein skriftleg plan.

 

Reagerer raskt

Tilsynet har ikkje avdekka svikt i rutinane viss det oppstår mistanke om eller kjennskap til at ein elev er blitt krenkt av ein som arbeider på skulen, eller ein i leiinga ved skulen. Det er også godtgjort at skulen set inn tiltak straks dersom det er mistenke om eller blir avdekka dette.

Merk: rapporten er førebels. Den endelege rapporten blir fyrst klar etter at Hareid kommune har gitt sin uttale til statsforvaltaren. Då vil kommunen få ein frist for å rette feila som tilsynet har avdekka.