Rektor Siv Marit Kaldhol Røyset, FAU og elevrådet ved ungdomsskulen under den eine samlinga i mai.
Silje Kiperberg Aksnes
Det var felles samling for elevar og foreldre, ei samling for 6.-7. trinn og ei for 8.-10. trinn, og det var svært godt oppmøte. Engasjementet blant foreldre og føresette viser tydeleg at dette er eit tema som opplevast som viktig og aktuelt.
Felles ansvar for trygge oppvekstvilkår
Gjennom samlingane kom det fram eit tydeleg bodskap: førebygging av rus blant barn og unge er eit felles ansvar. Foreldre, skule, tenester og lokalsamfunn må spele på lag for å skape trygge rammer rundt ungdomane våre.
Mange deltakarar trekte fram at tydelege grenser og felles reglar mellom foreldre gir ungdomane tryggleik. Samstundes vart det peika på kor viktig det er med god dialog – både mellom foreldre og med ungdomane sjølve. Å vite kvar ungdomane er, og å vere til stades i kvardagen deira, er avgjerande.
Ungdom møter press – vaksne må stå saman
Eit viktig funn frå gruppearbeida var at gruppepress spelar ei stor rolle i ungdomsmiljøet, og kan gjere det vanskeleg å seie nei. Dette understrekar kor viktig det er at vaksne samarbeider, og at foreldre kjenner kvarandre og snakkar saman om forventningar og grenser.
Samlingane viste òg at mange foreldre ønskjer meir konkret kunnskap om kva ungdom møter i dag, og råd om korleis ein best kan ta dei viktige samtalane heime.
Vidare satsing på førebygging
Erfaringane frå samlingane gir eit godt grunnlag for vidare arbeid. Det er ønske om å halde fram med liknande samlingar annakvart år, og å løfte temaet sterkare inn i foreldremøte og oppfølging i skulane.
For kommunen er det viktig å vidareutvikle tiltak som er relevante, konkrete og lokalt forankra. Samstundes vil ein leggje til rette for meir dialog og erfaringsdeling mellom foreldre.
Håvard Kristiansen, leiar for førebyggande eining i politiet på Søre Sunnmøre
Silje Kiperberg Aksnes
Ei oppmoding til alle føresette
Det sterke engasjementet viser at mange ønskjer å bidra. No handlar det om å halde fram:
- Snakk med ungdommen din – ver open, tydeleg og tilgjengeleg
- Bli kjent med andre foreldre – bygg felles forståing for grenser
- Ver til stades – små grep i kvardagen har stor betydning
Saman kan vi skape eit trygt og godt oppvekstmiljø for barn og unge i Hareid.