Stort vassbrot i Hareidsdalen er no utbetra
Store delar av ytre Hareid vil merke problem med vasstrykk og kanskje miste vantet. Årsaka er eit stort vassbrot mellom Geilane og Holstad.
Kommunen sine tilsette har starta arbeidet med å undersøke og utbetre feilen.
Erlend Friestad
Denne artikkelen blir fortløpande oppdatert med siste nytt.
STATUS KLOKKA 1022:
Det har oppstått eit stort vassbrot mellom Geilane og Holstad. Dette fører til at store delar av ytre Hareid og sentrum kan miste vasstrykk og vatnet. Særleg utsette er dei som bur øvst i oppe.
STATUS KLOKKA 13:00:
Vassbrotet er lokalisert og utbetra. Vatnet skal no vere tilbake.
Området som kan bli råka:
Det blå, skraverte feltet viser kva område som kan bli råka av lågt vasstrykk eller manglande vatn.
skjermdump
Publisert 25.11.2026 10:19
Sist endra 25.11.2026 13:04