Frå venstre: assisterande kommunedirektør Hanne Rognan, strategisk planansvarleg Ceilie Breiteig Liavaag, kommunedirektør Bent Arild Grytten, rådgivar kommunikasjon og beredskap Erlend Friestad. Planleggar Rønnaug Beate Mork var ikkje til stades då biletet blei tatt.
Kristian Stråmyr
Kommunikasjon og beredskap i ei sentral rolle
Behovet for samordna og profesjonell kommunikasjon og beredskap har auka dei siste åra, både på grunn av geopolitiske forhold og kommunen si eiga omstilling. Difor vart funksjonen flytta tettare på det strategiske arbeidet.
Frå 1. januar 2026 vart Erlend Friestad overført frå servicetorg og politisk sekretariat til rådmannskontoret i stillinga som rådgjevar for kommunikasjon og beredskap. I den nye rolla vil han ikkje lenger vere politisk sekretær.
Behov for strategisk planlegging
Budsjett- og økonomiplanen skal spele saman med dei øvrige planane kommunen har. Når kommunen skal omstille seg til ein berekraftig økonomi, treng rådmannskontoret ein tydelegare planressurs. Då kommunen ikkje har økonomi til å opprette nye stillingar, blir løysinga å flytte dagens einingsleiar for plan, byggesak og geodata, Cecilie Breiteg Liavaag, inn i rådmannskontoret. Ho får stillinga som strategisk planansvarleg.
Konsekvensar for plan, byggesak og geodata
At einingsleiaren får ny funksjon, betyr at dagens organisering ikkje kan vidareførast. Difor blir:
- tilsette innan byggesak og geodata flytta til eining for næring
- planleggarfunksjonen plassert organisatorisk i rådmannskontoret
Desse endringane trer i kraft 1. februar.
Styrka leiarkapasitet og kompetanse
Kommunestyret vedtok i 2024 å tilsette ein kontrollar ved rådmannskontoret. Hanne Rognan vart tilsett i stillinga, som i 2025 vart omdefinert til assisterande kommunedirektør. Dette har bidrege til ei tydeleg styrking av både leiarkapasitet og kompetanse.
Rådmannskontoret vil då bestå av
- kommunedirektør Bent Arild Grytten
- assisterande kommunedirektør Hanne Rognan
- rådgivar beredskap og kommunikasjon, Erlend Friestad
- strategisk planansvarleg, Cecilie Breiteig Liavaag
- planleggar Rønnaug Beate Mork