Bak frå venstre: Kirsten Valseth (koordinator), Robert Flø (observatør), Ranja Dimmen Alme (observatør), Hedda Selvåg Larsen, Gudmund Gryt, Håkon Alexander Kleppe, Vinter Brandal Johansen, Håkon Stokke Nytun. Foran frå venstre: Ingrid Holstad-Dalsøren, Thanura Premakumar (nestleiar), Prajiv Selva (leiar) og Ange Shanel Koffi.
Erlend Friestad
Ungdomsrådsmedlemmane har ein valperiode på to år, derfor blir ungdomsrådet vald på nytt i kvar kommunestyreperiode – i motsetnad til andre folkevalde organ som sit heile perioden.
I Hareid kommune består ungdomsrådet av ti personar. Dette er ungdomar som sjølv har meldt interesse i å sitje i rådet. Valutvalet, som legg fram forslag for kommunestyret på kven som skal veljast til folkevalde verv, fekk ein vanskeleg jobb. Det var nemleg mange gode kandidatar å velje mellom.
Desse ti kom til slutt gjennom nålauget:
- Hedda Selvåg Larsen
- Ingrid Holstad-Dalsøren
- Sofie Bjåstad
- Gudmund Gryt
- Vinter Brandal Johansen
- Thanura Premakumar
- Håkon Stokke Nytun
- Prajiv Selva
- Håkon Alexander Kleppe
- Ange Shanel Koffi
I tillegg er Robert Flø og Ranja Dimmen Alme vald som observatørar frå kommunestyret. Kirsten Valseth er møtesekretær og koordinator.
På fyrste stod følgande på sakskartet:
- informasjon og orientering om ungdomsrådet si rolle, oppgåver og arbeidsform
- leiarval
- diskusjon om kva saker ungdomsrådet skulle satse på i den neste perioden
Det første punktet stod Erlend Friestad for. Han har hatt rolla som politisk sekretær i Hareid kommune i sju år og har også jobbar masse med dei tidlegare ungdomsråda. Han la vekt på å fortelje om alle dei moglegheitene ungdomsrådet har til å påverke politikken i kommunen. Mellom anna har ungdomsrådet talerett i alle folkevalde organ i kommunen. Han snakka også om at vervet som ungdomsrepresentant forpliktar og at det er viktig å vere tydeleg på kva rolle ein har når ein uttalar seg i saker.
Leiarval med ekstraomgongar
Neste punkt var leiarvalet. Her var det to medlemmar som melde seg: Thanura Premakumar og Prajiv Selva. Begge fekk eitt minutt til å presentere seg for dei andre medlemmane og argumentere for kvifor dei burde bli leiarar.
Valet blei avgjort med skriftleg røysting der begge kandidatane fekk fem røyster kvar.
Då måtte det gjennomførast ein ny valomgang – også her fekk begge fem røyster.
Dermed måtte leiarvalet avgjerast med loddtrekking. Her var det Prajiv Selva som trakk det lengste strået.
Til nestleiarvervet meldte Thanura Premakumar og Sofie Bjåstad seg.
I denne røystinga fekk Thanura fem røyster og Sofie tre – i tillegg til to blanke.
Ungdomsskule og kollektiv
Etter leiarvalet diskuterte rådet kva saker dei skal satse på i komande periode. Det var stor einigheit om at ny ungdomsskule og betring av kollektivtrafikken måtte løftast.