Ten pengar på å gjere fjøra reinare - Hareid kommune

Ten pengar på å gjere fjøra reinare

Slik kan skuleklassar og lag i Hareid få støtte for å rydde langs strandlinja.

person som går i vårgrønt sunnmørslandskap med fulle strandryddesekkar på ryggen - Klikk for stort bilete Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS

Lokale lag, foreiningar og skuleklassar kan no søkje motivasjonsmidlar for å rydde marint avfall langs strandlinja. Ordninga kjem frå Sunnmøre Friluftsråd, som Hareid kommune er ein deleigar av, og målet er å fjerne mest mogleg søppel frå kysten vår samstundes som barn og unge får ei enkel og nyttig inntektsmoglegheit.

Våren er ein særleg god ryddeperiode: Når vegetasjonen enno er låg, er det mykje lettare å få auge på plast, tauverk og anna avfall som elles forsvinn inn i gras og buskar.

 

Slik fungerer ordninga

Lag og klassar får 250 kroner per deltakar per dag gjennom prosjektet til Handelens miljøfond for ryddinga i Storfjorden og inntil 5000 kroner per gruppe for tilskot gjennom Miljødirektoratet for heile Sunnmøre. 

Midlane kan nyttast til aktivitetar eller tiltak i laget eller klassen. Ryddinga skal omfatte eigarløst marint avfall. Friluftsrådet assisterer kvar ryddeaksjon med planlegging, utstyr, gode råd og tryggleiksrettleiing. Hjelp til avfallshandtering etter ryddinga skjer etter avtale.

 

Kven kan søkje?

  • Skuleklassar
  • Lag og foreiningar knytt til barn og unge
  • Andre grupper som ønskjer å bidra til ein reinare kystnatur

 

Slik søkjer de

Søknaden sende digitalt til Sunnmøre Friluftsråd.

Her finn de også all praktisk informasjon om korleis dykk går fram, kva som blir godkjent, kvar avfallet skal leverast og kva slags område som er aktuelle å rydde. 

 

Dette får lokalsamfunnet igjen

  • Ei enkel inntektskjelde for lokale barn- og ungdomsgrupper
  • Reinare fjøreområde i Hareid
  • Auka kunnskap om havmiljø og forsøpling
  • Mindre avfall i naturen og betre trivsel for alle

 

Spørsmål?

Kontaktinformasjon og meir detaljar finn de hos Sunnmøre Friluftsråd på friluftsraadet.no, eller på e‑post: post@friluftsraadet.no.

 

LES OGSÅ: SSR har oversikt over andre strandryddeaksjonar