Trafikktryggleik i Hareid kommune – no skal planen på høyring

Hareid har lenge jobba med ein trafikktryggingsplan. No er vi kome til det som kan bli nest siste etappe: høyring hos innbyggarane og andre aktørar.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.
dronefoto av rundkøyringa i sentrum - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Vi ønsker alle slags innspel til kva som kan auke trafikktryggleiken for alle som ferdast i kommunen – både barn, eldre, vaksne, ungdom, bilistar, syklistar, gåande køyrande med meir.

 

Planforslaget

Under kan du lese sjølve planen, ein del innspel vi allereie har fått inn og andre saksdokument.

 

Slik sender du inn innspel

Elektronisk: postmottak@hareid.kommune.no

Papir: Hareid kommune, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid

Høyringsfrist: 9. januar

 

Vegen vidare

Når høyringsfristen er ute, vil administrasjonen gå gjennom alle innspela og sjå kva vi skal ta inn i planen. Etter dette skal planen vidare til handsaming i dei folkevalde organa, og til slutt til kommunestyret for vedtak.