Treng du å røyste heime?

Dersom du på grunn av sjukdom eller uførheit ikkje kan oppsøke vallokale eller førehandsrøyste, får du lov til å røyste heime.

Bilete av røystebås. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

«Ambulerande stemmegiving», som det kallast, er eit tilbod til dei som på grunn av sjukdom eller av andre grunnar ikkje kan oppsøke eit av vallokala i førehandsrøysteperioden eller på valdagen. Målet er at alle som vil røyste skal få røyste.

Når du røyster heime vil to valfunksjonærar kome til deg med røystesetlar og urne.

Vis du ønsker å røyste heime (eller på annan plass der du oppheld seg), må du søke om det. Du må skrive at du er sjuk eller ufør og at dette gjer det umogleg å røyste ein annan stad. Du treng ikkje legeerklæring og må heller ikkje fortelje kva sjukdom/anna grunn og kvifor dette gjer at du ikkje kan kome deg til eit vallokale.

Valstyret har sett frist til tysdag 5. september klokka 12 for å søke om heimerøysting.

Heimerøystinga vil normalt skje i perioden 2.-6. september, men vi kan gjere unnatak ved spesielle høve. Ta kontakt med valansvarleg Erlend Friestad på telefon 97 14 35 43 (frå 7. august) eller e-post erlend.friestad@hareid.kommune.no for å søke og avtale tid og stad for heimerøysting.