Tuning in to teens - kurs for deg med born frå 6. til og med 9. klasse

Tuning in to teens (TINT) er eit foreldrerettleiingsprogram som arbeider med å betre relasjonen kring tenåringen og føresette. 

Jente som tar selfie - i bakgrunnen smilande føresette - Klikk for stort bilete Pexels.com

Tuning in to teens er eit foreldrerettleiingsprogram som arbeider med å betre relasjonen kring tenåringen og føresette. 

Kurset er basert på best tilgjengelege forsking (evidensbasert).

 

Ønsker du å lære korleis du:

  • blir betre til å snakke med tenåringen din
  • forstår tenåringen din betre
  • hjelper tenåringen din til å handtere sine følelsar
  • førebygger åtferdsproblem
  • hjelper tenåringen din med å handtere konfliktar

 

Ungdom som har emosjonell kompetanse:

  • er meir merksame og tryggare i situasjonar kor dei opplever press frå jamaldrande
  • har lettare for å handtere konfliktar og får lettare vener
  • handterer betre vanskelege følelsar som sinne og tristheit
  • har færre psykiske plagar og utfordringar

 

Praktisk informasjon

Det er gratis å delta. Du må ha moglegheit til å delta på alle treffa.

Tidspunkt: klokka 1730-1930. 

Stad: Personalrommet på Hareid skule

Datoar:

  • tysdag 27. januar
  • tysdag 3. februar
  • tysdag 10. februar
  • tysdag 24. februar
  • tysdag 3. mars
  • tysdag 10. mars

 

Påmelding:

Send mail til Hareid helsestasjon:  helsestasjonen@hareid.kommune.no 

Ansvarleg for kurset er Lene Veiseth, støttande team og Siri Berntsen, helsesjukepleiar ungdom. Stian Auberg Mork som er sosiallærar på Hareid ungdomsskule vil også vere med oss i kurset.

 

Dette seier tidlegare deltakarar om kurset:

  • Det har vore nyttig å lære emosjonsrettleiing.
  • Det har vore fint å lære ulike måtar å møte barnet mitt på og ulik teoriar som kan brukast i kvardagen
  • Eg har fått betre forhold til barnet mitt
  • Synleggjering av foreldrerolla var bra
  • Eg lærte meir om meg sjølv
  • Eg har fått konkret tips og rettleiing
  • Det var bra å snakke med andre foreldre i same situasjon