Kommunedirektør Bent Arild Grytten (tv) og ordførar Bernt Brandal har jobba i mange år for å få cruiseskip til Hareid - 13. juni 2026 kom det første: MS Artania
Erlend Friestad
Vi vil rette ein stor og varm takk til alle som stilte opp og bidrog til at besøket vart så vellukka: frivillige, lag og organisasjonar, næringsliv, tilsette i Hareid kommune, samarbeidspartnarar, mannskap og gjestar frå skipet – og alle andre som gjorde sitt.
Ein særleg takk til Hjørungavåg Brass, CorSonus og dei lokale vikingane frå Hjørungavågspelet og Hodr Vikingsete, som var med og gav gjestane ein varm, flott og minnerik velkomst på kaia.
Men aller mest vil vi takke innbyggjarane i Hareid som møtte opp, skapte liv i sentrum og gjorde dagen til ein fest. Den varmen, velviljen og gjestfridomen de viste, betyr enormt mykje.
Dette var ein dag vi kan vere stolte av – og eit godt døme på kva vi får til når Hareid står saman.
Bernt Brandal, ordførar
Bent Arild Grytten, kommunedirektør