UKM-festival på Hareid søndag 13. august

Det blir i år arrangert UKM-lokalfestival på Hareid for første gong på mange år.

Illustrasjonsbilete frå UKM-festival - Klikk for stort bilete Håkon Rybakken

UKM står for ung kultur møtast, og er for ungdom mellom 10 og 20 år. Innanfor UKM kan ungdomane gjere det aller meste som har med kultur å gjere. Målet er at dei skal få utfalde seg og uttrykke seg gjennom kunst og kultur. Her kan dei få vere med å arrangere, danse, synge organisere, fotografere, male, filme eller kva som helst.

Gjennom året har vi arrangert ulike UKM-workshops der ungdomane kan få lære nye ting, eller utvikle interessene sine. Vi har hatt workshop i til dømes redesign, snikring, cupcakes, teikneserie og sminke.

No er det UKM-festival som står for tur, og det blir både kunstutstilling og sceneshow.

Kunstutstillinga blir på Ungdomsklubben og det er mange flotte kunstverk som blir vist fram.

Sceneshowet blir på utescena i festivalområdet ved Rådhuset og det blir både song, akrobatikk og band med meir.

Mange flinke ungdomar er engasjert i dette denne dagen, og det er vel verdt å ta seg ein tur. Gratis inngang.

13.00 Festivalområdet og matvognene opnar
14.00-16.00 Kunstutstilling på Ungdomsklubben
18.00-20.00 Show frå utescena i festivalområdet
20.00-22.00 Afterparty med «Olander og blindpassasjerane» på utescena.

Det blir matvogner og Tussateltet er ope med kiosksalg

Sjekk gjerne Facebook-sida til Ungdom i Hareid for meir informasjon, eller programmet for Seinsommarfest.