Vinter Johansen (bakerst) og Håkon Stokke Nytun er to av dei lokale ungdommane som skal i elden under opningsshowet i UKM fylkesfestivalen
Renate Seljeseth Bøe
Laurdag kveld brakar det laus med eit spektakulært opningsshow i Hareidhallen. Her får du sjå lokale UKM-deltakarar som Fjøresteinane, BRUTAL, Amalie Leine, Jetmund og Angel Wings on Fire – ungdomar frå Hareid som verkeleg har noko å vise fram!
Showet blir leia av konferansier Peter Fjørtoft Sandanger, og både kulturdirektør i fylkeskommunen Heidi-Iren Wedlog Olsen og ordførar i Hareid kommune, Bernt Brandal, held opningstalar.
- Vi gler oss mest til å spele vår musikk og vise fram talentet vårt. Vi likar å spreie god musikk og ser veldig fram til å verte kjende med andre deltakarar med lik interesse som oss, seier Håkon Nytun og Vinter Johansen som begge speler i BRUTAL, som er blant dei lokale som skal på scenen laurdag.
Dei er allsidige musikarar på 14 år som gler seg stort til å stå på scena. Håkon spelar gitar, bass og trommer, og er inspirert av Guns N’ Roses og Nirvana. Vinter spelar piano, gitar og trommer, og har Queen og Nirvana som sine musikalske førebilete. Med slike talent på scena er det berre å glede seg til ei musikalsk oppleving utan like!
Hareid kommune vil også dele ut ungdommens kulturpris under opningsshowet.
Kvelden blir avslutta med eit smell når rockebandet KNEKT går på scena!
Kunst og kultur gjennom heile helga
Festivalen held fram med tre sceneframsyningar:
- Søndag kl. 13.00 og 19.00
- Måndag kl. 12.30
I tillegg blir det opa kunstutstilling på Hareid ungdomsskule søndag kl. 18.00. Her får du sjå kunstverk frå ungdomar frå heile fylket – ei unik moglegheit til å oppleve kreativiteten til den oppvaksande generasjonen.
Festival med lokal forankring
Festivalen samlar over 250 ungdomar frå heile fylket, og hovuddelen av arrangementet skjer i Hareidhallen, Hadarhallen og ungdomsskulen. Deltakarane bur i ein stor teltleir i Hadarhallen, og får delta på workshops innan musikkproduksjon, foto, redesign, gaming, dans, teater og teikning.
I tillegg blir det friluftsaktivitetar måndag – med tur på Rotarystien, bålkos med speidarane, yoga, shared reading og fotballkamp.
Lokal støtte og engasjement
Festivalen er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og Hareid kommune, med støtte frå Sparebanken Møre og Sparebank1 SMN. Kulturleiar Melinda Skeide understrekar kor viktig det er at festivalen også gir noko tilbake til lokalsamfunnet:
– Vi er stolte og glade for at dette flotte arrangementet blir lagt til Hareid. Det er ei fantastisk moglegheit for ungdomane våre – og for heile kommunen til å ta del i noko stort.
Renate Seljeseth Bøe, ungdomsarbeidar, legg til:
– Vi nyttar lokale ressursar og aktørar, og alle arrangement er gratis og opne for publikum. Dette er ei helg for heile Hareid!
Sett av helga – og bli med!
UKM står for Ung Kultur Møtast, og det er nettopp det som skjer i Hareid denne haustferien. Med rekordstor påmelding og over 130 innslag på scena, kan vi love ei helg full av energi, kreativitet og lokal stoltheit.