Sofie Bjåstad, Kine Leirbekk Husøy, Malin Flø Husøy, Emma Sofie Håvik, Victoria Ulstein, Melinda Skeide, Victoria Nedrelid, Håkon Nytun, Vinter Johansen, Mikael Kvalsvik, Renate Seljeseth Bøe
Hareid kommune
Kva er UKM?
UKM er ein arena der ungdom møter ungdom, der kultur blir delt utan konkurranse, men med vekt på utvikling, læring og fellesskap. Kort sagt: UKM skal vere Noregs viktigaste kulturelle møteplass for unge.
Eitt av måla med UKM er at det skal vere ein arena for alle – uansett kvar ein kjem frå og kva for kulturinteresser ein har. Moglegheita til å drive med kultur skal ikkje vere avhengig av verken geografi eller demografi.
UKM står for Ung Kultur Møtast, og det er nettopp det som skal skje denne helga i haustferien, 4. til 6. oktober. 18 lokale ungdomar skal vere ilag med over 200 andre ungdomar frå fylket vårt.
– Vi gler oss veldig til dette, og er både stolte og glade for at dette flotte arrangementet blir lagt til Hareid. Vi håper og trur at heile kommunen vil få glede av det. Frivillige organisasjonar, innbyggarane og næringslivet, og ikkje minst ungdomane våre som får ei fantastisk moglegheit til å vere med som deltakar eller som publikum. Dette blir kjekt!, seier kulturleiar Melinda Skeide.
Rekordstor påmelding
Hovuddelen av arrangementet vil skje i Hareidhallen, Hadarhallen og ungdomsskulen. Mellom anna skal dei 250 deltakarane overnatte i ein svær teltleir i Hadarhallen.
I løpet av desse dagane skal det vere fire framsyningar på scene i Hareidhallen, der ungdomar får vist kva dei kan, og også unge arrangørar som er med som konfransierar, med lyd og lys mm. Det er rekordstor påmelding og med over 130 ulike innslag kan vi garantere varierte og bra sceneshow opne for alle, og gratis.
Det skal også vere ei opa kunstutstilling der ungdomane får vist fram kunstverk dei har tatt med til festivalen. Her blir det mykje spanande å sjå, så vi rår alle å ta ein tur innom.
Friluftsaktivitetar
I år er det friluftslivets år, og fylkesfestivalen skal markere dette i løpet av dagane i oktober. Måndagen er satt av til ulike ute og inne-aktivitetar for deltakarane, knytt til friluftsliv. Det blir «Rundt bålet»-aktivitet med speidarane, tur på Rotarystien, yoga, shared reading, fotballkamp med meir.
Dei andre dagane kan deltakarane vere med på ulike workshops som til dømes musikkproduksjon, foto, redesign, gaming, dans, teater og teikning.
Festivalen er tettpakka med flotte opplevingar og aktivitetar for ungdomane, og også mange arrangement som er ope for alle. Sett av helga, så vil det kome meir informasjon etter kvart.
Lokal gevinst
– Vi legg stor vekt på å nytte lokale ressursar og aktørar. Dei fleste workshop-haldarane er lokale, ei fotballgruppe skal vere vakter, og all mat til deltakarane kjem frå ein lokal leverandør. Det er viktig for oss at arbeidet vårt med festivalen sjølvsagt skal gi noko til ungdomane som deltek, men også at det skal vere gratis og opne arrangement for lokale ungdomar og andre som ikkje er deltakarar på festivalen. Vi planlegg blant anna eit forrykande opningsshow på laurdagskvelden som alle bør få med seg. Meir informasjon kjem om det, seier ungdomsarbeidar Renate Seljeseth Bøe.
Fylkeskommunen er arrangør og finansierer i stor grad arrangementet. Hareid kommune er medarrangør og bruker tilskotsmidlar frå ordninga Ung Kunst og Kultur til å dekke våre kostnadar med arrangementet.
Trygg festival
Fylkesfestivalen er kremen av Ung Kultur Møtest (UKM), og det blir lagt stor vekt på tryggleik og det sosiale, og mindre vekt på konkurranse.
– Her skal det vere trygt å uttrykke seg, og UKM både lokalt og regionalt er ein meistringsarena der ungdom får utvikle seg i uttrykket sitt, seier prosjektleiar for UKM fylkesfestivalen, Ronja Voldsund i Møre og Romsdal fylkeskommune.