Ulstein-samarbeid, årsmelding, fyrverkeri – dette er nokre av sakene i kommunestyret 21. mai

Kommunestyret i Hareid samlast torsdag 21. mai. På saklista står mellom anna vidare dialog om samarbeid med Ulstein kommune, handsaming av rekneskap og årsmelding for 2025 og ei interpellasjon om kommunale forbod mot privat fyrverkeri. 

Utsikt frå Lisjetua over Snipsøyrdalen. Solnedgang, blå himmel. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Møtet blir halde i kommunestyresalen torsdag 21. mai klokka 18.00. Møtet er ope for publikum. Vi sender også møtet direkte her på nettsida og Facebook-sidene våre.

Under følgjer ei kort gjennomgang av sakene som skal behandlast.

Her kan du lese alle sakspapira.

 

Dialog og vidare utvikling av samarbeid med Ulstein kommune

Kommunesamanslåing blir greia ut mellom Ulstein, Herøy og Sande kommunar. Hareid kommune har takka nei til å vere med i denne prosessen.

I mars bad eit nær samla kommunestyre i Ulstein kommune formannskapet sitt om å ta initiativ til å invitere Hareid kommune til samtalar om kommunesamanslåing mellom Ulstein og Hareid parallelt med prosessen med Herøy og Sande. Formannskapet i Ulstein valde å avvise oversendingsforslaget og heller oppmode styringsgruppa til Herøy, Sande og Ulstein om å invitere inn Hareid og Vanylven i prosessen mellom de tre kommunane.

No har ordførar Bernt Brandal lagt fram sak for Hareid kommunestyre der kommunestyret skal  drøfte korleis Hareid kommune kan vidareutvikle dialogen og samarbeidet med Ulstein kommune. Saka legg ikkje opp til kommunesamanslåingsdiskusjon, men til ein open og kunnskapsbasert dialog om samarbeid innan tenester, administrasjon, samfunnsutvikling, digitalisering og fellesfunksjonar.

I saksutgreiinga blir det understreka at prinsippet bør vere å «skunde seg langsamt», og byggje vidare på erfaringar, tillit og dokumenterte resultat før eventuelle større vegval blir vurderte. Målet er å utvikle meir integrerte og framtidsretta løysingar på område der kommunane står sterkare saman enn kvar for seg. Eit tettare samarbeid kan over tid bidra til meir robuste fagmiljø, betre ressursutnytting og styrka regional utviklingskraft.

Samtidig blir det peika på at framtidig kommunestruktur ikkje bør avvisast på prinsipielt grunnlag. Dersom erfaringar frå samarbeid over tid viser at dette gir klar meirverdi for innbyggjarane og regionen, må det vere legitimt å diskutere dette i framtida.

Ordføraren er tydeleg på skiljet mellom samarbeid og kommunesamanslåing, og peikar på at utvida samarbeid kan gi store gevinstar utan at kommunane nødvendigvis må avviklast som eigne demokratiske einingar.

Formannskapet har ikkje behandla saka. Ordføraren legg fram følgande tilråding til kommunestyret:

  1. Hareid kommune ønskjer å vidareutvikle eit tett, konstruktivt og framtidsretta samarbeid med kommunane på Søre Sunnmøre, med særleg vekt på samarbeid som kan styrke tenestene, utviklingskrafta, kompetansen, fellesfunksjonar og den samla regionale kapasiteten.
  2. Kommunestyret viser til eksisterande samarbeid og vedteken grunnavtale for interkommunalt samarbeid på ytre søre Sunnmøre, og understrekar at Hareid kommune ønskjer å vere ein aktiv og konstruktiv part i vidare regional utvikling og samarbeid.
  3. Kommunestyret ber ordføraren, i samarbeid med kommunedirektøren, ta initiativ til dialog med Ulstein kommune med sikte på å drøfte moglegheiter for utvida samarbeid innan tenester, administrasjon, samfunnsutvikling, digitalisering, fellesfunksjonar og andre område der kommunane kan oppnå gevinstar gjennom tettare samarbeid.
  4. Kommunestyret legg til grunn at dialogen skal vere open, kunnskapsbasert og byggje på lokal demokratisk forankring, respekt for kommunane si rolle og identitet, og nærleik til innbyggjarane.
  5. Kommunestyret legg vidare til grunn at samarbeid, erfaringsbygging og dokumenterte gevinstar må danne grunnlag for eventuelle framtidige vurderingar av strukturendringar. Eventuelle framtidige strukturendringar krev eiga politisk handsaming og involvering av innbyggjarane.

 

 

Rekneskap og årsmelding for 2025

Kommunestyret skal godkjenne rekneskapen og årsmeldinga for Hareid kommune for 2025. Rekneskapen viser eit meirforbruk på om lag 10 millionar kroner i 2025. Samstundes har kommunen redusert det samla meirforbruket med rundt 60 millionar kroner samanlikna med 2024, noko som viser ein tydeleg snuoperasjon i økonomien.

- Dette er framleis eit negativt resultat – men ei forbetring på rundt 60 millionar kroner frå eitt år til det neste. Det er ei utvikling vi er stolte av, og eit resultat av hardt og målretta arbeid i heile organisasjonen, skriv kommunedirektør Bent Arild Grytten i innleiinga si.

LES OGSÅ: Her kan du lese heile årsmeldinga

Årsmeldinga gir ei samla framstilling av drift, aktivitet og økonomiske forhold i kommunen, med rapportering frå einingane og oversikt over mellom anna sjukefråvær, internkontroll og investeringar.

Formannskapet innstiller på at kommunestyret godkjenner rekneskapen for 2025 og vedtek årsmeldinga slik ho ligg føre.

 

Interpellasjon om kommunalt forbod mot privat fyrverkeri

Kommunestyret skal ta stilling til ei interpellasjon frå Torill Oda Ringstad (Ap) der ho ber kommunestyret om å be regjeringa opne for at kommunane sjølve kan innføre forbod mot privat fyrverkeri.

Bakgrunnen er omsyn til dyrevelferd, tryggleik og miljø. I dag kan kommunane berre innføre avgrensa soneforbod i område der det er fare for liv og helse. Interpellasjonen tek til orde for at kommunane bør få større handlingsrom til å avgjere om dei ønskjer forbod, også basert på andre omsyn enn dei som gjeld i dag.

Forslaget er at kommunestyret ber regjeringa ta initiativ til nødvendige lov- eller forskriftsendringar som gir kommunane høve til å innføre forbod mot privat fyrverkeri.

 

Mellombels skjenketider under fotball-VM 2026

Kommunestyret skal også behandle saka om mellombels endring av skjenketider under fotball-VM for menn 2026. Kommunedirektøren rådde til såkalla full «fotballskjenking», med utvida skjenketider gjennom heile meisterskapen for skjenkestader som viser kampane.

Levekårsutvalet gjekk inn for ei meir avgrensa løysing, og tilrådde at skjenketidene berre skulle utvidast under Noreg sine nattkampar. Utvalet sitt forslag var mellom anna:
Då formannskapet handsama saka, gjekk dei inn for å ikkje utvide skjenketidene i det heile under fotball VM.

 

Fleire saker

Kommunestyret skal også behandle mellom anna Plan for friluftslivets ferdselsårer, om Hareid kommune skal bli Av-og-til-kommune, vedlikehald av Åsenvegen, revidert kulturmiljøplan 2026–2030 og årsrapport for startlån og bustadtilskot for 2025 med justering av retningslinjer.

Vil du vakne opp til denne utsikta?