Biljard og fotballspel er populært blant ungdomane som kjem til ungdomsklubben.
Renate Seljeseth Bøe
Satsinga skal bidra til å styrkje kvaliteten på fritidsklubbane i heile landet. For å få tilskot må klubbane mellom anna vere opne og inkluderande, gi ungdom reell medverknad, tilby gode aktivitetar og lokale, og ha kompetente og tilgjengelege vaksne til stades.
Ungdomsarbeidar Renate Seljeseth Bøe seier tilskotet er eit viktig bidrag til vidare utvikling av ungdomsklubben i Hareid.
- Vi veit at mange ønskjer seg fleire aktivitetar, og vi treng fleire vaksne for å sikre eit stabilt og trygt klubbmiljø. Denne tildelinga gjer det mogleg å få til dette og utvikle ungdomsklubben vidare, seier Bøe.
For ungdom som ikkje deltek i organiserte fritidsaktivitetar, er ungdomsklubben ein viktig lågterskelarena. Her kan dei møte andre ungdommar og trygge vaksne utan krav om medlemskap, prestasjon eller forkunnskapar.
Skal gi fleire trygge vaksne og meir aktivitet
Ungdomsklubben har i dag ope kvar dag frå klokka 14.00 til 16.00, i tillegg til torsdagskveldane frå 18.00 til 21.00. Klubben har gode besøkstal, og stadig fleire ungdomar er innom både på dagtid og kveldstid. Både besøkstala og tilbakemeldingar frå ungdommane viser at ungdomsklubben er ein viktig møteplass.
I Ungdata-undersøkinga fortel 73 prosent av ungdomane i Hareid kommune at dei opplever tilbodet av fritidslokale der dei kan treffe andre unge som svært bra eller nokså bra. For heile Norge er det berre 53 prosent som meiner det same.
– Vi har eit fantastisk lokale med mange moglegheiter. Når vi blir fleire på jobb, kan vi utnytte dette endå betre. Det kan til dømes vere vidareutvikling av gamingtilbodet, aktivitetar på musikkrommet og andre tilbod som ungdommane sjølve ønskjer seg, seier ungdomsarbeidar Renate.
- Fleire tilsette gir meir kontinuitet og tid til planlegging og gjennomføring av aktivitetar, oppfølging av klubbstyret og tettare samarbeid med ungdommane om utviklinga av tilbodet. Det betyr også meir kapasitet til å vere til stades som trygge vaksne som kan sjå, lytte, rettleie og følgje opp ungdomane.
I samband med tilskotet ønskjer Hareid kommune kontakt med personar som kan vere interesserte i å bidra i arbeidet ved ungdomsklubben. Så har du litt ledig tid og interesse for ungdomsarbeid vil vi gjerne høyre frå deg.
Ungdommane skal vere med og forme tilbodet
Eit viktig mål med satsinga er å styrke ungdomsmedverknaden.
– Vi ønskjer at klubben skal vere ein stad der ungdom kan kome som dei er, møte andre og delta i aktivitetar dei sjølve er opptekne av. Med meir ressursar får vi større moglegheit til å utvikle eit breiare tilbod og fange opp fleire av interessene deira.
Målet er at ungdommane ikkje berre skal vere deltakarar på klubben, men også få reell moglegheit til å vere med og utvikle han. Dette skal organiserast gjennom både forslagskasse, klubbstyre og ved tilsetting av ungdomar. I tillegg vil ungdomsrådet sjølvsagt få seie si meining.
Som ein del av satsinga ønskjer kommunen å tilby ungdom arbeid ved ungdomsklubben. Ungdom over 17 år som kan tenkje seg ein meiningsfull ekstrajobb, blir oppmoda til å ta kontakt.
Kontakt ungdomsarbeidar Renate Seljeseth Bøe om du ønsker å vite meir.