Ungdomsskuleelevar fekk innblikk i kommunen sitt mangfaldige arbeid

I samband med Læring næring-avtalen har heile 145 elevar frå Hareid ungdomsskule nyleg fått eit nærare møte med kommunen.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.
Ungdomsskuleelevar rundt eit bord i kommunestyresalen. Byggesakshandsamar Oddbjørn Nybø doserer. - Klikk for stort bileteOddbjørn Nybø fortel om plan- og byggesaksavdelinga sitt arbeid til ungdomsskuleelevane. Christine Erdal

Besøket er ein del av Hareid kommune sitt arbeid med å styrke samarbeidet mellom skule og arbeidsliv, og å gi ungdom eit breiare perspektiv på moglegheiter i eigen kommune. 

Både 80 9.-klassingar og 65 10.-klassingar har vore på besøk hos Hareid kommune, der dei fekk sjå korleis kommunen jobbar – og kva moglegheiter som finst for framtidig arbeid.

På rådhuset vart elevane delt inn i grupper og sendt rundt på seks ulike postar. Her fekk dei ei innføring i veg, vatn og avlaup, plan- og byggesak, kultur, ungdomsarbeid, bibliotek, næring og beredskap. Tilbakemeldingane frå både elevar og tilsette har vore svært positive.

I tillegg fekk elevane besøke sektor for velferd, der dei fekk lære meir om dei ulike arbeidsoppgåvene innan helse og omsorg, og sjå korleis kommunen jobbar for å ta vare på innbyggarane sine. Besøket vart avslutta med ein quiz, der elevane fekk teste kunnskapane sine om sektoren.

Sjå fleire bilete frå samlinga:

Sjå biletetekst - Klikk for stort bileteKulturleiar Melinda Skeide i gamingroomet med ungdomsskuleelevane. Christine Erdal Person framfor storskjerm framfor eit stort publikum av ungdommar - Klikk for stort bileteKommunalsjef for velferd Ottar Røyset fortalte ungdommane om korleis tenestene i sektoren fungerer. Hareid kommune Personar rundt eit møtebord. På storskjermen står det med "scrabble-bokstavar" Keep calm and carry on - Klikk for stort bileteBeredskapskoordinator Erlend Friestad fortalde ei historie om straumstans for å vise fram korleis ein straumstans kan ramme og kva kommunen gjer for å motverke konsekvensane av straumutfallet. Christine Erdal To bøtter på eit bord, den eine har klart vatn og den andre har brunt vatn - Klikk for stort bileteHos kommunalteknikk fekk ungdomsskuleelevane sjå korleis urensa og rensa vatn såg ut. Dei fekk også ph-testa både dette vatnet og energidrikk. Christine Erdal Mennesker i sofaen på ungdomsklubben. Storskjermen er på - Klikk for stort bileteBibliotekssjef Anne Vasstrand fortalte om arbeidet til biblioteket. Christine Erdal