Vinnarane i innovasjonscampen, leverte ei løysing til Franzefoss. "Franzefoss ReSort", eit sorteringsband som scannar, sorterer og vaskar avfallet, med spesielt fokus på farleg avfall. Brian Ringstad-Longva, Pernille Øien Lynge, Emilia Anna Chorazy og Mario Lillebråten. Modellen til fyrsteplassen. Ordførar Bernt Brandal delte til høgre.
Larysa Parkhomenko
I år hadde vi fått med fem fantastiske lokale bedrifter. Franzefoss, Norlandia Holstad, Jets Group, HS Rise Bygg og Ishavsmuseet leverte kvar si problemstilling som dei ville at elevane skulle hjelpe dei med å finne ei god løysing på. I tillegg til dette har bedriftene stått klare, vore tilgjengeleg for både telefonar og besøk, rettleia og hjelpt elevane undervegs i prosessen til ei endeleg løysing.
Vi er evig takksame for at bedriftene stiller opp og står på for elevane våre, og vi veit at også dei ser verdien av å samarbeide med skulen. Maria Rise og Audun Ulstein frå Franzefoss sa fylgjande etter finalen onsdag:
«For oss er det viktig å vere med på dette fordi vi ser verdien av at ungdommane får vite noko om næringslivet i bygda. Det er ikkje lenge til desse ungdommane skal ut i arbeidslivet, og då er det viktig at dei har kjennskap til kva bygda har å by på. I løpet av ei sånn veke lærer elevane veldig mykje, men også vi lærer mykje. Opplegget viser at ungdommen er problemløysande og kreative, og vi er heilt imponert over kva dei greier å vise oss i dag, framføre ein vegg av jury, medelevar og andre vaksne.»
Vi lærarane synes veka har gått over all forventning. Det har vore litt sånn «trust the process» gjennom desse dagane. Vi merka spesielt fyrste dagen, etter at elevane hadde fått oppgåvene sine, snakka med bedriftsrepresentantane og besøkt bedriftene, at det var vanskeleg for mange å sortere tankar og starte det faktiske arbeidet. Vi var likevel ganske overbevist om at dette kom til å gå seg litt til, etterkvart som dei kom i gong. Noko som viste seg å stemme. Gruppene har jobba utruleg godt. Dei har laga modellar, prototypar, halde spørjeundersøkingar, skrive rapport, ført individuelle loggar, laga presentasjon, for å nemne noko. Og alt dette på berre fire dagar. Og når dei kjem på finaledagen og leverer det dei gjer, kan ikkje vi lærarar ver anna enn rørte og stolte. Vi er utruleg imponert over alle saman.
Ordførar Bernt Brandal tok ordet då vinnarane skulle kårast, og uttrykte at det på ingen måte hadde vore ei enkel oppgåve å kåre berre tre vinnarar, då nivået på årets innovasjonscamp var skyhøgt. Han var tydeleg på at sjølv om dei berre kunne kåre tre vinnarar, var alle elevar vinnarar denne dagen.
Vi takkar alle involverte for ein super innovasjonscamp, og ser tilbake på ei veke med samarbeid, kreativitet, utfordringar og glede!
Skriven av: lærarane på 10. trinn Hareid ungdomsskule