Kulturleiar Melinda Skeide og ordførar Bernt Brandal opnar snart dørene til utlånssentralen BUA på Hareid. BUA finn du på rådhuset, inngang frå Bankplassen.
Erlend Friestad
Dette kan du låne på BUA
I hyllene finn du allereie eit breitt utval av utstyr til både sommar- og vinterbruk. Her er noko av det som er tilgjengeleg:
Friluftsliv og camping:
- Fjelltelt, soveposar og liggeunderlag.
- Stormkjøken, termosar, tursekkar og kompass.
- Hovudlykter.
Vinter og is:
- Hockeyskøyter og kunstløpskøyter.
- Langrennsski, akematter og truger.
- Alpinhjelmar og broddar.
- Hockeykøller.
Sommar og vatn:
- Syklar og sykkelhjelmar.
- Fiskesett, håv og sjøkikkert.
- Redningsvestar og flytevestar.
Leik og spel:
- Stigegolf og frisbeegolf.
Kjem etter kvart:
- Fjellski, alpinski og støvlar.
Det framleis litt kaos i BUA-lokala mot Bankplassen, men no fyllast hyllene med splitter nytt sports- og fritidsutstyr. Kultureininga i Hareid kommune er i full sving med førebuingane til opning – til vinterferien!
Etableringa er mogleg etter at kommunen fekk over 1,1 millionar kroner i støtte frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet fordelt over tre år. I tillegg har kommunen blitt sponsa av Sparebankstiftinga og Sparebanken Møre.
– Vi gler oss stort til å opne BUA! Det er eit viktig folkehelsetiltak og eit sentralt bidrag for å førebygge utanforskap. Her skal alle barn og unge bli inkluderte på lik linje, uavhengig av sosial og økonomisk situasjon, seier kultursjef Melinda Skeide og ungdomsarbeidar Renate Seljeseth Bøe.
Skryt frå ordføraren
Ordførar Bernt Brandal er svært nøgd med at kommunen no får på plass ei eiga utstyrssentral, noko som også er eit viktig mål i den signerte Fritidserklæringa. Han meiner tilbodet treffer blink på fleire område.
– BUA vil vere eit fantastisk tilbod til innbyggjarane i Hareid. Her kan du låne utstyr du elles ikkje ville kjøpt, noko som gir ein glimrande moglegheit til å teste ein ny aktivitet. Det har ein god sosial profil, då mykje sportsutstyr er dyrt både å kjøpe og leige, seier Brandal.
Folkehelsekoordinator Silje Aksnes er også glad for det nye tilbodet.
- BUA fremjar folkehelsa fordi dei gjer det enklare og billigare for folk å prøve ulike aktivitetar. Når terskelen for å delta blir lågare, får fleire høve til å vere fysisk aktive, noko som styrkar både den fysiske og psykiske helsa. I tillegg bidreg det til sosial inkludering og mindre ulikskap i tilgang til friluftsliv og idrett, seier ho.
Meir enn berre utlån
I tillegg til å fremje god helse og livskvalitet, er BUA eit viktig bidrag til FNs berekraftsmål, særleg når det gjelder ansvarleg forbruk og mindre ulikskap.
Mykje av varene har allereie kome i hus, og meir er venta rett over nyttår. Utvalet er breitt og inkluderer alt frå syklar og hjelmar til friluftsutstyr som soveposar, fjelltelt, liggeunderlag, termosar og tursekkar. For dei som vil ut på vatnet er både fiskesett, redningsvestar, håv og sjøkikkert på plass. Vinteren er også sikra med både hockey- og kunstløpskøyter, akematter, langrennsski, truger og broddar. For leik og moro finst det utstyr til både stigegolf og frisbeegolf.
Opning til vinterferien
Målet er å invitere til offisiell opning til vinterferien. Skeide og Bøe rettar også ei stor takk til ein lokal støttespelar: – Vi har fått god hjelp frå Erling Hareide, som har vore ein stor ressurs for oss i denne prosessen.
Planen er at opningstidene skal samsvare med ungdomsklubben, truleg ein ettermiddag og ein kveld i veka. Samstundes legg dei opp til fleksibilitet ved spesielle behov, som til dømes felles skidagar i regi av skulen.
Vil du bidra?
Sjølv om det meste er i rute, er det framleis rom for fleire på laget. – Om nokon kan tenke seg å jobbe frivillig på BUA, er det berre å ta kontakt med oss, oppmodar Melinda og Renate.
BUA Hareid
- Kva: Ein gratis utlånssentral for sports- og fritidsutstyr.
- Kven: Prioriterer barn og unge, men er opent for alle.
- Kvar: I kjellaren på rådhuset (inngang frå Bankplassen).
- Finansiering: Støtta med 1,165 mill. kr frå Bufdir.
- Kjem etter kvart: Fjellski, alpinski og støvlar er venta inn seinare.
- Mål: Bidreg til berekraftsmåla om god helse, mindre ulikskap og ansvarleg forbruk.