Uvêr og konsekvensar for heimetenesta

Det er meldt om store nedbørsmengder og kraftige vindkast dei neste døgna. Dette kan føre til straumbrot og tap av internett og mobilnett.

Pexels/Andrew Beatson  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

For velferdssektoren sin del har vi gode rutine for kva vi må sjekke og følgje opp. Vi må prioritere å gje naudsynt helsehjelp og med mangel på viktige hjelpemiddel vert dette utfordrande. Vi oppmodar difor pårørande om å at ta seg ekstra av sine eigne gjennom telefondialog, besøk eller overnatting hjå heimebuande. Sjekk også om det er lommelykt tilgjengeleg.

LES OGSÅ: Vi bur oss på regnet - det bør du også gjere.

Hareid kommune har i dag om lag 100 tryggleiksalarmar i drift i private heimar. Heimetenestene har rutine på å vurdere kven som må prioriterast med ekstra tilsyn i slike situasjonar. Det er difor ikkje høve til å ringe heimetenestene og oppmode om ekstra besøk om den heimebuande ikkje står på denne prioriterte lista.

Dersom du som pårørande i nemnte tidsrom vel å opphalde deg i heimen ilag med pasienten er det ønskeleg at du gjev beskjed om dette til heimesjukepleia sin vakttelefon: 915 66 732. Det kan bidra til at tilsette kan sikre naudsynt hjelp til andre pasientar.