Veit du kor mange språk som vert snakka i Hareid?

Den internasjonale morsmålsdagen vart erklært av UNESCO i 1999, og har blitt markert 21. februar kvart år sidan.

  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Ressurssenteret hadde informasjon- og planleggingsmøte i samband med morsmålsdagen allereie i november.  Morsmålsdagen vert knytt til FN sitt fjerde berekraftsmål som legg vekt på å gi alle god utdanning. God utdanning inneber å legge hovudgrunnlaget for livslang læring og ha kvalitet i det ein lærer. For at læring skal gje mest muleg utbytte, så er det betre om barn får lære seg sitt eige språk. UNESCO meiner at respekt og læring i eleven sitt morsmål er viktig for å fremje språkleg mangfald, forståing og toleranse.

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen. Meld deg på nyheitsbrev her.

Stor feiring i kommunal regi

Veit du kor mange språk som vert snakka i Hareid kvar dag – eller kor mange ulike land som er representert på Hareid?

Det er mange det – og såleis er morsmålsdagen eit fint høve til å synleggjere dei språklege ressursane vi har i lokalmiljøet. Å få lov til å fokusere på eige morsmål og kulturell identitet betyr mykje for oss alle og gjennom feiringa vert vi aktive deltakarar i å forme det fleirspråklege fellesskapet – både i Noreg og i vårt lokalmiljø.

Morsmålsdagen vert feira stort i Hareid kommune i 2020! Kommunen ved sektor for læring og kultur har sett ned ei prosjektgruppe som i samarbeid med dei ulike kommunale einingane og privat barnehage og skule, har gått saman om å markere denne viktige dagen.

Prosjektgruppa består av:

  • Christine Riise Øvrelid, kulturkonsulent
  • Lene Veiseth, rådgjevar sektor for læring og kultur
  • Hege Tretnes, rektor Hareid barneskule
  • Zhanna Podoba, førskulelærar Syverplassen barnehage
  • Odeta Galdikiene, rektor Brandal friskule
  • Trine Pilskog, rektor Ressurssenteret
  • Torgeir Hauge, rektor kulturskulen

Festdag i Hareidhallen

Morsmålsdagen vert feira i Hareidhallen torsdag den 13. februar 2020 kl 17.00-20.00.

Denne dagen vil du finne ein pynta hall med flagg frå mange nasjonar, og du vil finne stands med ulike språk- og kulturelle aktivitetar.

Vi har rigga scene og du vil få høyre barn og unge framføre songar frå ulike delar i verden og på ulike språk.

Matrettar frå ulike verdenshjørner får du kjøpe på klubbhuset og i aulaen på ungdomskulen og det vert også høve til å få seg kaffi og kake i kantina på Ungdomskulen.

Dette er eit stort prosjekt og det er mange aktørar som vil bidra denne dagen.

Vi har utfordra personar med ulike språk til å stå på stand for å presentere sitt språk på ulike måtar.

Vi håper at så mange som mogeleg vil vere med – så set av datoen og bli med på dette flotte arrangementet!

Den 28.november hadde prosjektgruppa møte med ulike menneske i Hareid som snakkar ulike språk. Desse personane ilag med mange fleire vil bidra på morsmålsdagen på stand for å presentere sitt morsmål.

Vi ønsker å inkludere alle dei språka vi har i Hareid, så her er det berre å vere med!

Meir informasjon om morsmålsdagen, finn du her https://morsmal.no/no/