– Veldig bra å få låne: BUA Hareid har fått ein flying start - Hareid kommune

– Veldig bra å få låne: BUA Hareid har fått ein flying start

Treng du å låne sport- og fritidsutstyr til langhelgene no i vår, eller berre ein ettermiddagsutflukt? Utlånssentralen BUA er klar for å hjelpe deg.

Ei kvinne som prøver ein sykkelhjelm på ei jente. To personar i fargerik BUA-vest bak ein skranke. Lokalet er fylt med sport- og fritidsutstyr - Klikk for stort bileteKristina Push Folkestad prøver om sykkelhjelmen på dottera Amalia. Bak disken står Geir Slotsvik og Irene Lovise Johansen frå Lions. Erlend Friestad

– Det er veldig bra å få låne sykkel. Den vi har heime er øydelagd, og vi har ikkje rekt å få reparert han. Dottera mi har sykkeltur med skulen kvar veke. Då er det godt å sleppe å reise til Ulsteinvik for å låne, seier Kristina Push Folkestad.

Ho og dottera Amalia har allereie teke i bruk BUA Hareid, og set stor pris på at tilbodet no finst lokalt.

– Vi har brukt BUA i Ulsteinvik før, så det er veldig kjekt at tilbodet no er mykje nærare, forklarer dei.

BUA Hareid opna rett før påske, og mange innbyggjarar har allereie vore innom for å låne sports- og fritidsutstyr – heilt gratis. Tilbodet er for alle, men er særleg nyttig for barnefamiliar og ungdom.

 

To personar som sit bak ei skranke i eit rom med masse sport- og fritidsutstyr. - Klikk for stort bileteGeir Slotsvik og Irene Lovise Johansen er to av frivillige som gjer det mogleg å drive BUA på Hareid. Erlend Friestad

Frivillige gjer tilbodet mogleg

Ein viktig grunn til at BUA Hareid har fått ein så god start, er innsatsen frå dei frivillige. Lions har tatt ansvar for torsdagane, og det er vi svært glade for.

– Dette er eit veldig bra tilbod, og mange set stor pris på at vi har det. Det var travelt før påske, med mykje justering av ski og tilpassing av utstyr. Vi prøver alltid å hjelpe brukarane med å finne utstyr som passar, Geir Slotsvik og Irene lovise Johansen frå Lions som hadde torsdagsvakta førre veke.

– Vi hjelper med å tilpasse utstyr til brukarane, og det er kjekt å sjå kor mykje det betyr. Det blir ofte trøkk før langhelger, men vi opplever at det er nok utstyr til alle, seier dei.

 

Frå ski før påske til vår- og sommarutstyr

Før påske var det mange som lånte ski, både langrenn og slalåm. No er vintersesongen over, og skia er sett på lager. I staden er BUA fylt opp med vår- og sommarutstyr.

– Syklar er det mest populære no, men vi låner også ut alt frå fiskehåvar og fotballar til telt, soveposar, termosar, stormkjøken og hengekøyer. I tillegg har vi ulike aktivitetsutstyr som skateboard, boccia, golfutstyr og kubb, seier ungdomsarbeidar i Hareid kommune, Renate Seljeseth Bøe.

 

– Eit tilbod som skaper bulyst

Kulturleiar i Hareid kommune, Melinda Skeide, er svært nøgd med oppstarten.

– Vi er veldig fornøgde med starten på BUA Hareid. Mange har vore innom for å låne utstyr, og vi får gode tilbakemeldingar. Dette er eit tilbod som både fremjar aktivitet, fellesskap og bulyst, og som senkar terskelen for å vere med, seier ho.

Ho understrekar også kor viktig samarbeidet med dei frivillige har vore.

– Utan dei frivillige hadde dette ikkje vore mogleg å halde eit godt og inkluderande tilbod ope for alle. Vi er svært takksame for engasjementet og innsatsen dei legg ned, seier Skeide.

BUA Hareid håpar endå fleire vil ta i bruk tilbodet framover. 

For praktisk informasjon om opningstider, utlån og kva utstyr du kan låne, kan du lese meir her:

Når har de ope?
Kvar held de til?
Kva utstyr har de på BUA?
Korleis låner eg?
Kan barn låne?
Kor mykje kostar det?
Kor lenge kan eg låne utstyret?
Kva reglar gjeld for utstyret?
Fleire spørsmål?