Vern barnet ditt mot kikhoste

Ta vaksine allereie medan du er gravid.

Gravid kvinne som held seg på magen. - Klikk for stort bilete Pexels.com

Kikhoste er ein luftvegsinfeksjon som kan gjere små barn alvorleg sjuke. Sjukdomen er farlegast for uvaksinerte barn under 1 år. Vaksinasjon i svangerskapet vernar barnet ditt mot kikhoste frå fødsel og fram til barnet får første vaksinedose ved 3-månaders alder. Kikhostevaksinen blir tilboden gravide i store delar av verda, og gjev spedbarn godt vern mot kikhoste.

 

Korleis verkar vaksinen?

Gravide som tek vaksine, lagar vernande antistoff. Antistoffa blir overførte vidare til barnet i magen. For at barnet skal få vern, må du få vaksine medan du er gravid – uansett når du fekk førre vaksine mot kikhoste.

 

Under og etter vaksinasjon

Vaksinen blir tilrådd ved svangerskapskontrollen i veke 24. Alle gravide som går til svangerskapskontroll på Hareid helsestasjon, vil få tilbod om vaksinen på denne kontrollen, og treng ikkje bestille på førehand. Andre kan kontakte helsestasjonen på telefon 70 03 77 50.

Vaksinen blir gjeven med eitt sprøytestikk i overarmen. Det er vanleg å få litt vondt på stikkstaden, og det kan òg bli litt raudt og hovent. Enkelte får feber, vondt i musklane og kjenner seg litt sjuke eller utmatta. Dette går vanlegvis over av seg sjølv i løpet av nokre få dagar. Det er ikkje vist at barn får biverknader når mor blir vaksinert mot kikhoste i svangerskapet. Kontakt helsepersonell dersom du har spørsmål eller er bekymra for plager/sjukdom etter vaksinasjon.