Vi kjem ikkje utanom oppseiingar

Dei neste to åra skal Hareid kommune spare 19 millionar. Det betyr at vi må kutte opp til 20 stillingar. Dessverre unngår vi ikkje oppseiingar.

soloppgang frå Hareid  - Klikk for stort bilete Erlend Friestad portett av Bent Arild Grytten - Klikk for stort bileteKommunedirektør Bent Arild Grytten Erlend Friestad

Kommunestyret sitt budsjettvedtak for komande fireårsperiode inneheld målsettingar om å redusere drifta vår. Samla sett utgjer det økonomiske kravet om innsparingar om lag 19 millionar kroner, fordelt over budsjettåra 2026 og 2027. Dette er noko meir enn det som kommunedirektøren sitt budsjettframlegg la opp til, gjennom tiltaka «omstillingsprosjekt fase 1 & 2».

Omstillingsprosjektet omfattar i utgangspunktet alle sektorar og alle tenester. Men det vert i ein viss grad opp til kommunedirektøren å finne ut kvar og korleis innsparingane skal skje, innanfor dei gitte rammene i budsjettvedtaket. 

Kommunen opererer med eit nettobudsjett, som er summen av rammeløyvingane til alle budsjetteiningane. Dette betyr at ei krone tent er like mykje verdt som ei krone spart. Men det betyr også at vi ikkje vil kunne unngå at det må gjerast innsparingar på lønsområdet. Kanskje opp til 20 stillingar eller meir på heilårsbasis. Vi reknar ikkje med at alt dette kan realiserast gjennom naturleg avgang, så det vil sannsynlegvis bli naudsynt å seie opp tilsette. Dette vil igjen påverke tenestene våre, både kva vi kan levere og kvaliteten på tilbodet som står igjen.

I denne samanheng har det vorte etablert ei arbeidsgruppe beståande av tillitsvalde, verneombod og representantar frå kommunedirektøren sin stab. Arbeidsgruppa hadde sitt første møte fredag 12. desember og arbeidsgruppa vil halde fram med jamlege møte i tida som kjem. Neste møte i arbeidsgruppa blir 12. januar 2026. Så langt har vi ikkje fått gjort anna enn å starta diskusjonar kring tidsplanar og rammer for arbeidet som skal gjerast. Så langt har det heller ikkje blitt tatt nokre konkrete avgjerder. Vi vil halde dykk orientert om arbeidet, etter kvart som det skrid fram.

Bent Arild Grytten, kommunedirektør