Erlend Friestad
Hareid kommune har over fleire år brukt meir pengar enn vi har fått inn. Det har ført til eit krevjande økonomisk handlingsrom. Vi har klart å snu trenden betydeleg, og no må vi sikre ei berekraftig drift også i åra som kjem. På bakgrunn av denne situasjonen har statsforvaltaren stilt særskilte krav og tidsfristar i budsjettgodkjenningsprosessen. Det krev eit omfattande omstillingsarbeid.
Statsforvaltaren har stilt to klare krav for budsjettgodkjenning: Kommunen må redusere nedbetalingstida på meirforbruket og innsparingskrava må fordelast konkret på einingsnivå. Utan godkjent budsjett, kan ikkje kommunen ta opp lån – og då stoppar alle prosjekt, til dømes Pålhaugen-prosjektet.
Det første kravet frå statsforvaltar er oppfylt gjennom auka inntekter i budsjettendringa 12. februar. Denne saka handlar om det andre kravet – fordelinga av dei samla innsparingsbehova på einingsnivå, og viser samtidig dei samla konsekvensane av omstillinga.
Formannskapet skal handsama saka 9. mars. Deretter går ho til kommunestyret som skal fatte endeleg vedtak 19. mars.
Begge møta kan du sjå direkte eller i opptak her eller på Facebook-sida vår.
Endra tilbod til innbyggarar
Den totale innsparing som må gjennomførast er på om lag 21,8 millionar kroner i 2026 og ytterlegare 13 millionar kroner i 2027. Dette er ikkje nye kutt, men blei vedteke i budsjettsaka i desember.
Kutta er no føreslått fordelte på einingsnivå, og vil difor råke store delar av organisasjonen – men særleg sektor for Stab og samfunn vil merke innstrammingane. På dette tidspunktet handlar det berre om kutt i kroner, men vi må rekne med at dei reduserte økonomiske rammene, vil føre til at kommunen må redusere talet på tilsette og at denne prosessen igjen vil føre til oppseiingar.
Færre tilsette vil føre til mindre kapasitet og endra tilbod til innbyggarar. Dette er alvorleg, men naudsynt – innsparinga kjem ikkje fordi vi ønskjer å redusere tenestene, men fordi økonomien ikkje toler dagens nivå.
Innsparingsmål per sektor per år |
| | | |
| Velferd | Beløp 2026 | Beløp 2027 |
| Generell innsparing velferd | 1 000 000 | |
| KST Velferd 4 | 2 430 000 | |
| Omstilling fase 2 - med effekt frå 2027 | | 2 000 000 |
| Pålhaugen | | 5 000 000 |
| Andel av KLP pensjon | 2 200 000 | 1 000 000 |
| Sum velferd | 5 630 000 | 8 000 000 |
| | | |
| Læring og kultur | | |
| Omstilling fase 2 - med effekt frå 2027 | 0 | 2 000 000 |
| KST Læring og kultur 1-2 og finans 3 | 1 555 000 | |
| Andel av KLP pensjon | 2 200 000 | 1 000 000 |
| Sum læring og kultur | 3 755 000 | 3 000 000 |
| | | |
| | | |
| Stab og samfunn | | |
| Redusert pensjonsinnbetaling ved bruk av premiefond | 628 000 | 965 000 |
| Omstilling fase 1 - med effekt i 2026 | 2 000 000 | |
| KST Sentraladministrasjonen 7 - 8 | 500 000 | 500 000 |
| Naturleg avgang / effektivisering | 6 000 000 | |
| Omorganisering Hareid kommune | 1 000 000 | 500 000 |
| Interkommunale samarbeid | 450 000 | 0 |
| KST Samfunnsutvikling 5 - 6 | 1 850 000 | 0 |
| Sum stab og samfunn | 12 428 000 | 1 965 000 |
| | | |
| | | |
| SUM pr år | 21 813 000 | 12 965 000 |
Lesehjelp til tabellen: Kolonnane viser innsparingsmål per år.
No er oppgåva å fordele desse summane ut på einingsnivå. Tiltaka som no blir foreslått, vil få merkbare konsekvensar for tenestetilbodet i kommunen, men vi vurderer dei som naudsynte for å sikre økonomisk berekraft og lovpålagde tenester i åra framover.
Desse fordelingane vil i stor grad måtte omsetjast til kutt i lønnsmidlar og dermed kutt i stillingar. Likevel, dersom vi finn auke i (varige) inntekter eller kutt som gir (varig) reduksjon i utgifter kan det kompensere for kutt i stillingar.
Læring og kultur
Innan læring og kultur er innsparingane i hovudsak knytte til reduksjon i stillingar, anten som følgje av naturleg avgang, redusert barnetal eller strukturelle endringar. Den samla innsparingseffekten for sektoren er rekna til 3,8 millionar kroner. I tillegg vil overføring av Hareid mottak frå sektor for stab og samfunn til læring og kultur gi samdriftsfordelar gjennom betre utnytting av kompetanse og kapasitet. I 2027 er innsparingsmåla ytterlegare 3 millionar.
Læring og kultur |
| | 2026 | 2027 |
| Oppvekstkontoret | 110 000 | 50 000 |
| Hareid skule | 651 749 | 622 583 |
| Hjørungavåg skule | 232 209 | 192 418 |
| Hareid ungdomsskule | 582 254 | 613 014 |
| Musikk og kulturskule | 179 794 | 143 794 |
| Bigset barnehage | 557 035 | 813 299 |
| Syverplassen barnehage | 220 000 | 100 000 |
| Bigset skule | 232 209 | 192 418 |
| Ressurssenteret | 989 751 | 1 827 475 |
| SUM INNSPARING | 3 755 000 | 4 555 000 |
Lesehjelp til tabellen: Kolonnane viser innsparing per år. I 2027-kolonnen er tiltak frå 2026 vidareført med heilårseffekt og nye tiltak lagt til.
Velferd
Velferdssektoren står overfor eit innsparingsmål på 5,6 millionar kroner i 2026 og nye 8 millionar kroner i 2027. For å nærme seg desse tala er det behov for å omorganisere. Bu- og korttidseininga på sjukeheimen er allereie slått saman. Det er også ønskeleg å slå saman bu og habilitering og Reina til ei eining. Sektoren vil jobbe vidare med organisasjonskartet og ser på ei mogleg løysing ned til fire einingar. I dette kartet er sjukeheimen slått saman til éi eining og legetenester, kjøkken og velferdsteknologi samla under kommunalsjef.
Reduksjonen som er føreslått i 2026 er i stor grad knytt til stillingar som står ledige (vakante) i dag, så ingen vil bli sagt opp i sektoren på grunn av omstillingsprosessen. For 2027, er omstillinga avhengig av vidare avklaringar, mellom anna knytt til Pålhaugen-prosjektet.
Sektoren peiker på at budsjetta er svært stramme, at Hareid kommune brukar færre ressursar samanlikna med mange andre liknande kommunar. Ytterlegare kutt vil innebere risiko ytterlegare svekka kvalitet, fleire klager og mogleg for at helsetilbodet blir forringa.
Velferd |
| | 2026 | 2027 |
| Helse og Koordinerande | 741 700 | 2 116 535 |
| Velferdskontoret | 562 214 | 680 247 |
| Bu/kortids | 2 039 283 | 2 551 263 |
| Skjerma | 667 103 | 440 975 |
| Kjøkken | 729 980 | 640 980 |
| Heimeteneste | 341 720 | 0 |
| Bu og habilitering | 548 000 | 5 000 000 |
| SUM INNSPARING | 5 630 000 | 11 430 000 |
Lesehjelp til tabellen: Kolonnane viser innsparing per år. I 2027-kolonnen er tiltak frå 2026 vidareført med heilårseffekt og nye tiltak lagt til.
Stab og samfunn
Sidan læring, kultur og velferd allereie har teke ut mykje av sitt innsparingpotensial dei siste åra, er hovudtyngda av kutta lagt til sektor for stab og samfunn. I 2026 må sektoren spare inn 12,4 millionar og ytterlegare 2 millionar i 2027.
Stab og samfunn gir tenester både internt og til innbyggarane. Konsekvensane av omstillinga vil i stor grad kome til syne gjennom lenger saksbehandlingstid, redusert tilgjenge i enkelte tenester og mindre kapasitet til fagleg oppfølging og utviklingsarbeid.
Her er det foreslått ei omfattande omorganisering, der tidlegare einingar blir samla og nye styringslinjer blir føreslått etablerte. Organisasjonsstruktur er ikkje tema i dette saksframlegget, men vert nemnt for å synleggjere at vi må rekne med organisasjonsendringar når rammevilkår og tenesteomfang vert endra. Organisasjonskartet som tidlegare er presentert syner ein mogleg måte å gjere dette på. Men det understrekast at dette førebels er på skissestadiet og at det skal jobbast meir med dette før det vert implementert.
Stab og samfunn |
| | 2026 | 2027 |
| Økonomi | 614 078 | 1 550 000 |
| Personal og organisasjon | 200 000 | 100 000 |
| Plan, byggesak,oppmåling | 2 006 609 | 3 053 100 |
| Næring | 150 000 | 0 |
| Kultur | 215 000 | 237 530 |
| Servicetorget | 586 265 | 1 333 375 |
| Kommunalteknikk | 405 000 | 205 000 |
| Sjølvkostområde | 1 090 000 | 965 000 |
| Kommunal eigedom | 2 403 049 | 2 753 404 |
| Reinhald | 1 180 000 | 2 160 000 |
| Hareid mottakssenter/L&K | 3 428 000 | 5 600 000 |
| Rådmannskontoret | 150 000 | 0 |
| Samfunn | 0 | 1 367 939 |
| SUM INNSPARING | 12 428 000 | 19 325 348 |
Lesehjelp til tabellen: Kolonnane viser innsparing per år. I 2027-kolonnen er tiltak frå 2026 vidareført med heilårseffekt og nye tiltak lagt til.
Her eit samandrag av endringsforslaga i sektoren. Sjå vedlagde tabell for konkrete tal på einingsnivå.
- Den gamle eininga plan, byggesak og geodata er allereie slått saman med eining for næring. Sidan kommunestyret har eit samrøystes vedtak på at vi skal «vidareføre reiselivssatsing og næringsutvikling» (PS 60/25), er det oppgåvene som ligg til plan, bygg og oppmåling som er føreslått reduserte.
- Økonomi og personal kan bli samla til ei eining. Det vert vidare føreslått ein innsparing på økonomiområdet.
- Reinhald arbeider med å endre drifta betydeleg. Ein kombinasjon av mellom anna redusert reinhald, auka robotisering og meir systematisk prioritering av areal ved bruk av Famac Reinhold, vil gi oss ei forventa innsparing i kostnadar, er vurderingane til kommunedirektøren.
- Kommunal eigedom har fått innsparingsforslag som i stor grad er knytt til naturleg avgang.
- Kommunedirektøren vurderer at samanslåing av Hareid mottakssenter med ressurssenteret, vil gi store samdriftsfordelar og reduksjon av stillingar med likt føremål og kompetanse.
- Servicetorg og politisk sekretariat må også spare, noko som kan få konsekvensar i form av redusert opningstid på sentralbord og servicetorg.
- Kommunalteknikk har fått innsparingsforslag som i stor grad er knytt til vakante stillingar.
Krevjande for tilsette
Sidan kuttforslaga er uttrykt i kroner og ikkje i konkrete årsverk, kan vi enno ikkje seie noko om kor mange tilsette som eventuelt blir sagt opp på noverande tidspunkt. Vi har mellom anna ein del vakante stillingar i budsjettet som det ikkje går personar i i dag. Faktum er likevel at til dømes sektor for stab og samfunn må redusere 12,4 millionar i 2026. Om ein reknar dette beløpet om til årsverk, så vert det omlag 20 årsverk i 2026. Prosessen vidare vil ta tid, og i 2026 får ein mest sannsynleg berre ein halvårseffekt av omorganiseringa. I 2027 vil vi få heilårseffekt av endringar som gjerast i 2026. Vi veit at omstillinga skapar uro internt – og det er naturleg. Dette er ei av dei mest krevjande prosessane kommunen har stått i på lenge.
Dersom kommunestyret vedtar kommunedirektøren sitt framlegg, vil det bli gjennomført ein ordinær prosess i tråd med arbeidsmiljølova og hovudavtalen, der leiinga og dei tillitsvalde samarbeider om den vidare handteringa.